«Saman­slåing er å gå baklengs inn i framtida, vil eg hevda»

2 hours ago 1



Leserinnlegg
Leserskribent: Bjørn Harald Mydland Foto: Cecilie Nilsen

Leserskribent: Bjørn Harald Mydland Foto: Cecilie Nilsen

Oppdatert:41 sekunder siden

Samanslåing av «små» Agder-kommunar er ein bløff som liksom skal gje innbyggjarane eit betre og tryggare liv. Storkommunar vil ikkje gje oss fleire innbyggjarar enn det blir når ein summerer talet i dei «små» einingane. Me kan fint bu i ein kommune og jobba i nabokommunen i dag. Samanslåing er å gå baklengs inn i framtida, vil eg hevda.

Samanslåing er å gå baklengs inn i framtida, vil eg hevda

Store einingar vil garantert føra til at det trengjer seg på eit behov for eit nytt forvaltningsnivå: Grupper av innbyggjarar vil fremja krev om «Grendeutval» for mindre superlokale saker, vanskar, behov, problem. Om desse utvala blir danna berre for ei sak, eller blir faste for ein valperiode er uråd å spå. «Sterke» røyster vil leggja si tyngd i saker dei vil fremja.

Korleis skal desse finansierast? Har det norske demokratiet nok politikaremne og pengar til å drifta denne nye eininga?

Storkommunar vil garantert gje politikarane på «høgt nivå» (les: fylket/stortinget) krav om løyvingar til lokalstyre-grupperingar.

Så lenge norske politikarar ikkje inspirerer nordmenn og - kvinner til å få fleire born, får me stasa på auka inntak av folk frå det store utlandet.

Bjørn-Harald Mydland

Skribent i Spind

Read Entire Article