Sånn vil dei gjere det mindre vondt å få spiral

4 hours ago 3



Da Astrid Lislerud skulle få spiral for eitt og eit halvt år sidan hadde ho førebudd seg godt på førehand.

Ho hadde både lese seg opp og vore på helsestasjonen, og fått info om at det kunne gjere veldig vondt. Derfor burde ho ta smertestillande på førehand.

Ung kvinne på en restaurant.

Astrid Lislerud er glad for at dei som sette inn spiralen hennar lytta til koss ho hadde det.

Foto: Privat

Eg forventa jo sånn type menssmerter, som dei sa. Men det var verre enn eg hadde venta.

Verst var det da livmora skulle målast.

– Da var det sånn ordentleg stikkande krampe i magen som nesten tok pusten frå meg.

Tre hormonspiraler, en grønn, en lilla og en rosa, blir holdt i ei hånd mot en ferskenfarget bakgrunn.

Hormonspiralar vernar mot graviditet og verkar i 3, 5 og 8 år. Dei ulike typane kjem i ulike fargar.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Lislerud fortel at det var ganske fort over, og at helsesjukepleiaren og jordmora som var med på innsettinga, gjorde det trygt.

Dei snakka henne gjennom smertene og sjekka koss det stod til med ho undervegs.

Og dette er noko av det som blir trekt fram i nye norske råd.

Kvinners erfaringer med innsetting av spiral

Grafikk: Sverre Lilleeng / NRK

Opplever pasientar med traume

– Dei fleste synest det er litt ubehageleg, fortel gynekolog Maria Barøy Ræder om det å sette inn spiral.

Ho set inn mellom 10 og 20 spiralar i veka, og er hovudforfattar av kapitelet om prevensjon i metodeboka i gynekologi.

I dag er spiral og p-stav det som blir anbefalt som førsteval for kvinner som vil ha prevensjon. Berre i fjor var det over 56.000 personar som fekk ein av desse.

Men det er stor forskjell på pasientane som kjem til Ræder.

En lege som snakker med en person

Maria Barøy Ræder jobbar ved Bergen spesialistsenter.

Foto: Bergen Spesialistsenter

Sjølv om dei fleste får god oppfølging hos for eksempel fastlege eller helsestasjon, er det nokon som har hatt kjipe opplevingar når dei skulle få spiral.

– Som gynekologar opplever vi at kvinner fortel at dei har lege der i tre kvarter, at tre legar prøvde, og at dei har hatt unødvendig traume. Det ønsker vi å unngå at skjer.

Derfor har det komme inn ein eigen del om smerter i dei oppdaterte norske råda.

Roleg og trygt

– Det aller viktigaste vi gjer, er å seie at det skal vere fokus på smertelindring. Ein skal vere varsam for å ikkje påføre pasienten meir smerter enn nødvendig. Dersom det er vanskeleg, så skal ein gi seg, seier Ræder.

Råda fortel ikkje nøyaktig koss innsettinga skal gå føre seg, fordi det er så stor forskjell på både kvinnene og behandlarane.

– Det skal vere ein roleg og trygg atmosfære. Pasienten skal føle at ho har kontroll, og at ho kan avbryte undervegs.

No blir det også anbefalt å ta smertestillande før, men også etter om det trengst.

– Men kvifor var det ikkje noko om smerter tidlegare?

– Eg trur berre ikkje det har vore så fokus på det, eigentleg, seier Ræder.

Bekymra av videoar på TikTok

Gudrun Hope fekk spiral for litt over eit halvt år sidan. For henne var spiralen eit håp om å få mindre smerter knytt til mensen.

Men videoar ho hadde fått opp på TikTok har gjort at det tok lang tid før ho torde å bestille time.

Kvinne med skog og hytter i bakgrunnen

Gudrun Hope har to barn.

Foto: Privat

– Eg såg for meg at eg skulle svime av og kaste opp, at eg kom til å skrike og hyle. Men eg sa jo det mens gynekologen heldt på: Å ja, dette var jo ikkje så ille.

– Som å tråkke på ein spikar

Eline Sofie Svendgård fekk sin første spiral i 2017. Ho drog til legen etter å ha tatt Paracet. Legen tok seg god tid til å forklare kva som skulle skje og fekk henne til å slappe av. Men likevel gjorde det vondt.

– Det kjentest litt som å tråkke på ein spikar, men berre inni meg.

En kvinne med turklær og sekk står foran et landskap med fjell og daler.

Eline Sofie Svendgård har hatt veldig ulike opplevingar med å sette inn spiral. Ho håpar fleire kan få lokalbedøving om dei treng der.

Foto: Privat

Fem år seinare bestilte ho time hos gynekolog. Der fekk ho lokalbedøving i livmorhalsen.

Sjølve innsettinga var smertefri og gjekk raskt. Heile opplevinga minte berre om ei normal underlivsundersøking, fortel Svendgård.

Verdt det

Astrid Lislerud synest fordelane med spiralen veg opp for smertene ved innsettinga. For ho opplever at spiralen gir henne fridom. Både frå det å ta ei pille kvar dag, og frå bekymringa over å bli uplanlagt gravid.

Smertene var jo intense, og det var jo vondt, men det var kortvarig.

Samtidig er det viktig for henne at dette blir snakka ope om.

Publisert 18.03.2026, kl. 15.22

Read Entire Article