Sel nybygd leilegheit med «bu» som er større enn soverom, stue og kjøkken til saman

1 hour ago 2



«Her har du mulighet til å skape ditt eget areal som blir ein del av leiligheten.», heiter det i bustadannonsen.

Av dei 71 kvadratmeterane, er nesten 27 av dei eit uinnreidd rom med betonggolv.

Det er ikkje godkjent for bruk som stue, soverom eller anna rom der ein skal opphalde seg over tid.

«Lag ditt eget rom!», oppfordrar annonsen for leilegheita som skal stå ferdig i haust.

Bilde fra salgsannonsne for en leilighet i Solsletta i Trondheim

Rommet på nesten 27 kvadratmeter er ikkje godkjent for varig opphald og er derfor omtala som ei bu i annonsen.

Foto: Skjermdump / Heimdal Eiendomsmegler

– Eg hadde sikkert blitt skremt

– Dersom ein har moglegheita så vel en det vel bort, seier Sofie Erdal Kjeldsand når NRK viser ho annonsen.

– Men det spørs jo kva ein betaler for den da. Om det er prisa som eit soverom eller ikkje.

Sofie Erdal Kjeldsand og Emilie Enger Berg ser på boligannonse på telefonen

Sofie Erdal Kjelsand og Emilie Enge Berg synest det kan vere mykje å sette seg inn i når ein ser på bustadsannonsar.

Foto: Henning Levold / NRK

Kjeldsand fortel at ho ville ha sett seg nøye inn i kva som måtte til for å ha fått rommet godkjent for opphald.

– Eg ville ha gjort ein lita analyse av det, ler ho.

Emilie Enger Berg fortel at ho eig bustad, men dersom ho hadde vore på utkikk etter leilegheit og kom over annonsa hadde ho blitt skeptisk.

Eg hadde sikkert blitt skremt og sett på andre leilegheiter i staden.

  • Sofie Erdal Kjeldsand og Emilie Enger Berg

    Henning Levold / NRK

    Sofie Erdal Kjeldsand og Emilie Enger Berg

    – Eg kjenner nokon som fann ut at soverommet ikkje var godkjent soverom da dei skulle selje ei leilegheit, fortel Kjeldsand.

    – Så ein kan kanskje få litt problem når ein skal selje igjen, tenker eg sånn med ein gong.

    Enger Berg fortel at det kan vere vanskeleg å orientere seg i bustadannonsar.

    – Det er mykje informasjon og mykje ein kanskje ikkje forstår om korleis bustaden eigentleg er.

  • Sigurd Lindtvedt om leilegheit

    Henning Levold / NRK

    Sigurd Lindtvedt

    – Eg hadde nok blitt skeptisk ja, om det var nokre greier som var helseskadeleg eller noko.

    Lindtvet studerer ennå, men ser for seg å kjøpe bustad først etter å ha vore nokre år i arbeidslivet.

    Han fortel at han ville ha lurt på kva som var greia dersom han hadde sett annonsen.

    – Eg hadde nok lurt på kva som er greia med at det er ei bu der. Kvifor er ikkje stua der liksom?

  • John Herman Wik på NTNU Gløshaugen

    Henning Levold / NRK

    John Herman Wik

    Wik fortel at han ikkje kunne tenkt seg å kjøpe leilegheita.

    – Ikkje som førstegongskjøpar.

    – Da måtte eg ha fått litt meir innsikt i alle fall.

    Han synest bua i annonsen er merkeleg.

    – Eg blir jo i alle fall nysgjerrig på kvifor det er der og kva det skal bli brukt til.

    – Eg synest det er rart at det er eit rom som berre står sånn.

Dukka opp seint i prosessen

Bakgrunnen er at det i utgangspunktet var eit 35 kvadratmeters tomrom i prosjektet, fortel Petter Bang Møllersen.

Eigedomsmeklaren har ansvaret for å selje leilegheita i Solsletta Hageby i Trondheim.

Han fortel at det seint i byggeprosessen blei klart at det ville bli areal til overs i den nedste etasjen.

Da vi sett av areal til buer så tok vi i litt mykje.

Heller enn at det er ei bu i sokkeletasjen ingen eig, så fann vi ut at det var meir hensiktsmessig at det blei ein del av leilegheita.

Salgsannonse for leilighet på Solsletta borettslag i Trondheim

Leilegheita ligg i nedeste etasje i den nye bygningen.

Foto: Heimdal Eiendomsmegler

Prisantydinga på leilegheita den heilt nye leilegheita er på 3,55 millionar kronar.

– Som ei innreia 70 kvadratmeters leilegheit ville ho nok ha kosta mellom 4,3 og 4,6 millionar, anslår Møllersen.

– Utan bua ville ein nok ha sett på noko rett i overkant av 3 millionar.

Eigedomsmeklaren meiner det ikkje skal vere noko i vegen for at ein kan søke om bruksendring av bua.

– Det er rømmingsveg og nok lys, så slik eg vurderer det så meiner eg det ikkje skal vere problematisk.

– Men ein kjøpar må i så fall søke om dette, også må kommunen vurdere bruksendringa.

Eiendomsmegler Petter-Bang Møllersen

Foto: Heimdal Eiendomsmegling

Møllersen fortel at det ekstra arealet dukka opp så seint i prosessen at seljaren ikkje sjølv rakk å søkje om å få arealet godkjent for varig opphald.

– Det dukka opp såpass seint at da tenkte vi at dette var ein interessant måte å løyse det på. Så får vi sjå korleis marknaden reagerer.

– I ein nybustadmarknad med høge priser, kan dette vere eit spennande konsept for dei som vil tilføre delar av verdien til leilegheita sjølv.

Kan bli sittande igjen med katta i sekken

– Vi har i utgangspunktet ikkje behov for å meine så mykje om slike løysingar, seier Erlend Stav, soneleiar ved byggesakskontoret i Trondheim kommune.

– Vi vurderar om krav i lov, forskrift og reguleringsplan er ivaretatt og den leilegheita som blir seld her vil ikkje vere direkte lovstridig.

Stav fortel at det varierer kor lett det er å få ein søknad om bruksendring godkjent.

– Det kan vere ei enkel øving, men det kan også vise seg å vere ganske krevjande i nokre tilfelle.

For å få eit rom godkjent for varig opphald må blant annet krav til lys, utsyn, romhøgde og inneklima vere oppfylt.

Boligannonse for leilighet på Solsletta i Trondheim

I bustadannonsen er det ikkje bilete av bua.

Foto: Heimdal Eiendomsmegling

Stav fortel at ein søknad utan at det må bli søkt om dispensasjon har ei behandlingstid på maksimalt tre veker.

For rom inntil 50 kvadratmeter kostar det 8630 kronar å få søknaden behandla.

Dersom ein må søke om dispensasjon blir behandlingstida firedobla. Kostnaden blir dobla.

– Risikerer ein å sitte igjen med katta i sekken dersom kommunen ikkje innvilgar ei slik bruksendring?

– Ja. Og med den potensielle verdiauken som meklaren førespeglar at ei bruksendring vil gi, så er det jo freistande å stille seg spørsmålet «kvifor har ikkje utbyggjaren gjort dette?».

Forbrukarrådet oppfordrar til å vere varsam

– Eigedomsmeklaren må sørge for at både annonsen og salsoppgåva gir eit realistisk bilete av bustaden som skal bli seld, seier seniorrådgivar i Forbrukarrådet, Nora Wennberg Gløersen.

Ho råder kjøparar til å vere ekstra varsam dersom ein vurderer å kjøpe ein bustad der deler av arealet ikkje er godkjent for varig opphald.

– Les annonsen og salsoppgåva grundig, og spør meklaren dersom det er noko du ikkje forstår.

Nora Wennberg Gløersen fra Forbrukerrådet

Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet råder kjøparar om å sette seg godt inn i eigedommen ein vurderer å kjøpe.

Foto: Forbrukerrådet

Ho peiker på at ein søknad om bruksendring må bli behandla av kommunen og at utfallet er usikkert.

– Du bør derfor legge til grunn at rommet er bu når du vurderer om du vil kjøpe bustaden og til kva pris.

Gløersen fortel at regelverket for marknadsføring av bustadar er strengt.

– Om ein betydeleg del av arealet ikkje er godkjent for varig opphald, må dette komme tydeleg fram i annonsen.

Ho fortel at hovudfokuset i annonsen må vere på korleis bustaden faktisk framstår og ikkje på kva moglegheiter som kanskje finst.

– Moglege endringar kan bli omtalt, men det må ikkje bli skapt eit inntrykk av at eit rom som i dag er bu kan blir brukt som opphaldsrom utan vidare.

Publisert 15.03.2026, kl. 12.47

Read Entire Article