Ser fotball til han blir grøn i augene – røper at Haaland «siklar» etter jobben

2 days ago 14



«Kenta», som han heiter i fotballverda, blir ofte omtalt som hjernen bak Noregs VM-suksess – og den største fotballstjerna i verda, Erling Braut Haaland, siklar allereie etter jobben hans.

Han har sett seg godt til rette i godstolen, TV-skjermen er skrudd på og lyden av fotball fyller stua. «Kenta» er klar for ein ny arbeidsdag.

– Når du lukkar auga og legg deg om kvelden, så er det grønt den første timen etter at du har lukka augene. Du ser grønt!

Det seier Bergersen til NRK. Grønt gras gjer noko med eit menneske.

 Kent Bergersen ser fotballkamp Kent Bergersen ser fotballkamp

KONTORET: Her kan Kent «Kenta» Bergersen vera nærare eitt av to døgn i løpet av ei helg.

Christian Nygaard-Monsen / NRK

Mannen som rørte ein heil nasjon med tårene sine på balkongen på Rådhusplassen i Oslo, er i perlehumør når han tar imot NRK på besøk.

På veggene heng bildet av to barndomskameratar. «Kenta» og Ståle Solbakken på grasmatta på San Siro som tar ein selfie – berre minutt etter at Noregs VM-billett var sikra.

Dette har han tatt imot frå Indre Østland fotballkrets som det synlege beviset for det dei meiner er årets fotballaugeblink frå «Kenta» og Solbakken.

– Det er eit litt artig minne å ha det der, seier Bergersen.

Christian Nygaard-Monsen / NRK

«Du har den beste jobben»

Han omtaler seg sjølv som ein fotballnerd – noko han har vore heile livet. Som liten drøymde han om å leve av fotballen. Dette gjorde han først som aktiv spelar i elleve år.

Deretter var han trenar i ei årrekke, blant anna for Bodø/Glimt frå 2005 til 2007, før han trudde livet på profesjonelt nivå var ferdig da han var trenar for Kvik Halden i 2020.

Da kom telefonen frå Solbakken – han ville ha med barndomskameraten som assistenttrenar på det norske herrelandslaget.

Resten er historie.

– Det er ikkje så store skilnader om det er Haaland, eller om det er ein som du trena i tredjedivisjon i Kvik Halden, seier Bergersen.

Erling Braut Haaland og Kent Bergersen prater sammen

I PASSIAR: Erling Braut Haaland og Kent «Kenta» Bergersen er ofte å sjå i diskusjonar – om alt frå fotball til livet, fortel han.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

Jobben som assistenttrenar på landslaget, beskriv han som den beste jobben i verda. Dette har Noregs superspiss, Erling Braut Haaland, sagt seg einig i.

– Har eg ikkje sett ein plass at Haaland har lyst på jobben din?

– Jo, det hender seg at han seier det når han er på samling. «Du har den beste jobben ein kan ha. Når eg legg opp som fotballspelar, så ønsker eg gjerne å ta over jobben din», seier Bergersen om Haaland-utsegnene.

– Kosar meg saman med gutane

På sosiale medium-kanalane til landslaget kan ein ofte sjå «Kenta» i full vigør, både på treningsfeltet, i garderoben og i sosiale settingar med fleire av dei største stjernene i verda i fotballen.

Gjengangaren på bilda? Ei openberr fotballglede som stråler gjennom skjermen.

– Kva trur du han meiner med at han vil ha jobben din?

– Det er litt artig det da, men han ser at eg koser meg på samling. Eg har treningar, men har ikkje hovudansvaret og det presset som kjem med det ansvaret. Eg koser meg saman med gutane og kan spele bordtennis, og dessutan kødde og tulle litt med spelarane innimellom, seier Bergersen før han held fram:

– Ein hovudtrenar må kanskje halde ein litt større avstand til spelarane. Ut frå kva han ser og kva eg gjer, så ser han vel at det er ein god jobb å ha, seier han og viser til Haalands nye «draumejobb».

Kent Bergersen og Ståle Solbakken på treningsfeltet med to par bein i forgrunnen

INNHALDSRIKE SAMTALAR: Slik beskriv Kent «Kenta» Bergersen sine passiarar med Erling Braut Haaland.

Foto: VEGARD GRØTT / Bildbyrån

Har tru på Haaland som trenar

NRKs ekspertar er ikkje i tvil om at dette er rett mann, på rett stad og til rett tid.

– Han er ein stimulans for gruppa med vesenet sitt. Det er ikkje noko tvil om at du trykker på dei rette knappane i tillegg. Det held ikkje berre å vere eit sosialt lim, ein må bidra med det fotballmessige og der trur eg han treffer godt inn mot den spelargruppa på landslaget som er nå, seier Kristoffer Løkberg som er NRKs fotballekspert.

Kristoffer Lie Løkberg med en VM-plakat i bakgrunnen

IKKJE KRITISK: Denne gongen er det berre ros frå NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Og «Kenta» trur at Haaland ville glidd rett inn i rolla som assistenttrenar, når den tid kjem.

– Eg trur mange av dei gutane der, som vi jobbar med på landslaget, kunne hatt gode moglegheiter for å bli gode trenarar når dei legg opp som fotballspelarar. Dei kan kvart fall mykje om fotball, men det å vere fotballtrenar krev veldig mykje meir. Du skal vere ein god leiar, blant anna. Det er det viktigaste, seier Bergersen.

Dette trur han både Haaland og Noregs- og Arsenal-kaptein Martin Ødegaard har.

Sistnemnde er kaptein på både landslaget og klubblaget, mens Haaland er i kapteinsteamet på både klubblag og landslag.

– Fleire av desse har leiande posisjonar i klubblaga sine. Når du er det så blir du ein leiar på banen, da kan du også vere leiar for ein heil gjeng, men det inneber meir utanom det å berre kunne fotball, seier Bergersen.

«Kenta» er ikkje aleine om å sjå for seg Haaland som trenar i framtida.

– Eg vil gjerne sjå Haaland som assistenttrenar på landslaget. Eg kan vere hovudtrenar og han kan gjerne vere assistent under meg, seier ein fleipande Løkberg.

  • Den neste landskampen til herrane er 1. juni mot Sverige. Første VM-kampen, mot Irak, er 17. juni.

Publisert 01.05.2026, kl. 07.48

Read Entire Article