Sex-kunde gøymde seg bak senga då politiet kom

5 days ago 9



Mannen i 20-åra seier sexkjøpet hadde eit medisinsk formål.

 Kristian Myhre / TV 2
SEXKJØP: Avtalen i sentrum av Stavanger gjekk ikkje heilt som venta for mannen i 20-åra. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Publisert 10.06.2025 14:27

Saken oppsummert

  • Politiet aksjonerte mot et leilighetsbygg i Stavanger etter meldinger om sexsalg.
  • En mann i 20-årene ble funnet i bygget og hevdet sexkjøpet var for medisinske formål.
  • Han ble dømt til å betale 30.000 kroner for å ha kjøpt sex, til tross for at han nektet straffskyld.
  • Retten la vekt på mannens første forklaring til politiet, hvor han innrømmet forsøk på samleie.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

Det var i august i fjor at politiet aksjonerte mot eit leilegheitsbygg i sentrum av Stavanger.

Dei hadde fått fleire meldingar om det blei seld sex på adressa. Vel ein time etter at dei såg ein mann i 20-åra gå inn i bygget, slo dei til.

Inne i leilegheita var det fem kvinner i 20-årsalderen, alle frå Sør-Amerika. 

Og på eit av soveromma fann politiet mannen dei hadde sett gå inn i bygget rundt ein time før.

Skulle berre sjekke

Han var då berre iført ein boksarshorts og hadde forsøkt å gøyme seg bak senga. 

No er han dømd til å betale 30.000 kroner for å ha kjøpt sex av ei av dei prostituerte kvinnene.

I retten nekta han derimot straffskuld. Formålet med sexavtalen han hadde inngått via internett var nemleg «medisinsk».

– Han ville kontrollere om han fekk tilstrekkeleg ereksjon, noko han hadde hatt problem med sidan kjærasten gjorde det slutt nokre månadar tidlegare, skriv tingretten om forklaringa til mannen.

 Kristian Myhre / TV 2
DYRT: Timen i bordelleilegheita i Stavanger vart dyrare enn venta. Mannen i 20-åra må betale 30.000 kroner i bot. Foto: Kristian Myhre / TV 2

– Fekk moralske kvalar

Han seier han betalte 1500 kroner og vart med ei av kvinnene inn på eit soverom, der dei begge to raskt vart nakne. 

Men då hevdar mannen at han fekk «moralske kvalar». Derfor vart det ikkje noko av sexen han hadde betalt for.

I staden var det politiet som kom.

Han nektar difor straffskuld fordi han frivillig avbraut «fullbyrdinga av lovbrotet», som det heiter i jussen.

§ 316. Kjøp av seksuelle tjenester fra voksne

Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes den som

a. skaffer seg eller en annen seksuell omgang eller handling ved å yte eller avtale vederlag,

b. oppnår seksuell omgang eller handling ved at slikt vederlag er avtalt eller ytet av en annen, eller

c. på den måten som beskrevet i bokstav a eller b får noen til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv.

Legg første forklaring til grunn

Men det er ikkje dommaren i Sør-Rogaland tingrett einig i.

Han legg heller vekt på kva mannen sjølv sa til politiet rett etter aksjonen mot leilegheita. 

Der erkjente han straffskuld og sa at han hadde forsøkt å ha samleie med den prostituerte kvinna, men ikkje hadde klart å fullføre det.

– Dette er i det minste ein slik seksuell handling som omfattast av paragrafen om kjøp av seksuelle tenester i straffelova, poengterer tingretten.

Om ikkje mannen betaler bota på 30.000 kroner, må han sone 30 dagar i fengsel.

Mannen sin forsvarar har førebels ikkje svara TV 2. Han har høve til å anke dommen fram til 19. juni, og den er difor ikkje rettskraftig enda.

Read Entire Article