Trump-administrasjonen skulda Jeffrey Goldberg, redaktør i magasinet The Atlantic, for å lyge då han mandag sa at sentrale personar i amerikansk forsvar og etterretning med eit uhell hadde delt graderte angrepsplanar med han i ei meldingsgruppe.
No deler magasinet fleire av meldingane som blei sendt den dagen.
I skjermdumpane dei no har publisert, kan ein mellom anna lese at nøyaktig tidspunkt for når amerikanske fly tok av i retning Jemen, blei delt i gruppa:
Goldberg blei lagt til i gruppechatten med eit uhell. Han fekk detaljerte skildringar av det komande angrepet to timar før det inntraff.
– Om denne informasjonen hadde hamna i feil hender, kunne amerikanske pilotar og anna amerikansk personell blitt utsett for enno større fare, skriv redaktøren.
Den uavhengige organisasjonen Yemen Data Project skriv i dag at minst 25 sivile jemenittar blei drepne i angrepet, fire av dei barn.
Meiner nokon må gå
– Trump-administrasjonen er tatt med buksa nede her. Dei har eit stort forklaringsproblem, både når det gjeld kva som har skjedd, og eigne villeiande bortforklaringar i etterkant.
Det meiner Hilmar Mjelde, professor i statsvitskap, som forskar på amerikansk politikk.
– Den store blunderen her er at Hegseth og dei andre har kommunisert om nasjonal sikkerheit utanfor det spesialdesigna telekommunikasjonssystemet. USA har verdas sikraste system, nettopp for denne typen samtalar, og toppleiarane for USAs nasjonale sikkerheit har gått rundt det, seier han.
Då forsvarsminister Pete Hegseth på måndag blei spurd av ein journalist om kvifor han hadde delt graderte angrepsplanar på ein kommersiell meldingsapp, svarte han:
– Ingen teksta om krigsplanar. Det er alt eg har å seie om det.
Etterretningssjef Tulsi Gabbar, CIA-sjef John Ratcliffe og president Donald Trump hevda også at meldingsgruppa ikkje inneheldt gradert informasjon.
Tulsi Gabbard og John Ratcliffe.
Foto: ANDREW HARNIK / AFP / NTBPresidenten sa at Waltz gjorde ein «glipp» då ein ekstern blei lagt til i chatten, og at han er tilgitt.
Men i lys av meldingane som The Atlantic no deler, meiner Mjelde at sjansen for at nokon må gå, aukar.
– No aukar sjansane for at nokon må gå. Pete Hegseth, Mike Waltz og Tulsi Gabbard burde alle vere i trøbbel no.
– I offentleg interesse å dele
Først valde The Atlantic å berre beskrive sjølve innhaldet i informasjonen som vart delt – og ikkje dei spesifikke detaljane om angrepa.
– Som ei generell regel publiserer vi ikkje informasjon om miitære operasjonar dersom den potensielt kan setje livet til amerikansk personell i fare, skriv Goldberg onsdag ettermiddag.
Mike Waltz og Pete Hegseth.
Foto: LUDOVIC MARIN / AFP / NTBDå Trump-administrasjonen avviste at konkrete planar faktisk vart delte, endra redaksjonen meining. Goldberg gjer greie for kvifor:
– Det er klart at det er ei offentleg interesse i å offentleggjere den typen informasjon som Trump sine rådgivarar inkluderer i usikre kommunikasjonskanalar, spesielt fordi leiande figurar i administrasjonen prøver å tone ned betydninga av meldingane som vart delte.
The Atlantic meiner folk bør sjå alle meldingane for å gjere opp si eiga meining.
Publisert 26.03.2025, kl. 14.08 Oppdatert 26.03.2025, kl. 14.38