Siterte frå drapsscene i «American Psycho» – no er han dømd

13 hours ago 4



Grov valdtekt i Bergen:

Tingretten omtaler mannen sine overgrep mot den unge kvinna som «svært alvorlege og krenkande».

 Politiet
DØMD: Inne på dette soverommet skjedde valdtekta. Mannen filma og delte fleire titals videoar med andre på Snapchat. Foto: Politiet

Publisert 09.05.2025 09:40 Sist oppdatert 8 minutter siden

Ein mann i 20-åra er i Hordaland tingrett dømd for å ha valdteke ei medvitslaus kvinne i 20-åra. 

Dommen er på fem år og seks månadar fengsel. 

Det er to månadar mindre enn påtalemakta ba om, men mannen har fått strafferabatt mellom anna fordi han har tilstått.

Det var i august 2024 at dei to møttest på eit busstopp i Bergen. Mannen inviterte kvinna heim til seg då ho hadde gløymt mobilen sin på bussen.

Dagen etter tok politiet seg inn i leilegheita etter å ha fått tips. Då klarte dei ikkje vekke kvinna. Seinare blei det påvist at ho hadde 2,53 i promille.

Det var Bergens Tidende som omtalte dommen først. 

 Politiet
TOK SEG INN: Politiet blei kontakta og tok seg inn i bustaden til den no dømte mannen. Foto: Politiet

Siterte seriemordar og filma det

Under rettssaka kom det fram at mannen hadde filma valdtekten og sendt 39 videoar på Snapchat.

Videoane vart sendt det til over 30 personar. Ei kvinne som var mottakar av ein av videoane, varsla politiet, som difor tok seg inn i leilegheita til mannen på morgonen. 

I ein av videoane framførte han ein monolog frå «American Psycho», der hovudkarakteren Patrick Bateman drep karakteren Paul Allen med øks. 

– Då ligg den fornærma kvinna medvitslaus i bakgrunnen, kommenterer tingretten i dommen.

 AM PSYCHO PRODUCTIONS / EDWARD R
«HEY PAUL!»: Christian Bale i rolla som Patrick Bateman i American Psycho. Foto: AM PSYCHO PRODUCTIONS / EDWARD R

Skjerpande

Påtalemakta meinte overgrepa mot kvinna blei gjort «på ein særleg krenkande måte» fordi mannen filma det han gjorde og delte det vidare. 

– Fornærma har ikkje nokon oversikt over kven som har sett overgrepa mot henne og dette er openbert ei stor belastning for ho, meiner dommarane.

Dei omtalar valdtekta som «svært alvorleg» og med «elementer av vald mot fornærma».

I løpet av etterforskinga kom det også fram at mannen hadde googla «korleis dope nokon ned med alkohol?» og «er det ulovleg å gje alkohol og forsøka og sova med ho?». 

Må betale 300.000 i erstatning

Han har også gjort nettsøk etter «rape fantasy» og «date rape drug». Det er difor gjort ein rettspsykiatrisk undersøking av mannen, men dei sakkunnige kom fram til at han ikkje fyller kriteriar for nokon diagnose.

I retten sa mannen at han angra på det som hadde skjedd, og at han aksepterte å betala erstatning til kvinna.

Tingretten har bestemt at erstatninga skal vera på 300.000 kroner. 

Read Entire Article