Mannen lasta ned og opna appar på mobiltelefonen berre sekund før han køyrde over fotgjengarfeltet.
I januar 2024 vart ei kvinne påkøyrd i eit fotgjengarfelt i Kristiansand.
Kvinna fekk omfattande brotskadar i heile kroppen og måtte gjennom lang rehabilitering.
No er varebilsjåføren som køyrde på henne dømd i Agder tingrett.
Men sommel i politiet og ei tilståing utan atterhald frå ein angrande sjåfør gjer at han slepp å sona i fengsel.
Trefte fotgjengar i 35 km/t
Rekonstruksjon og målingar frå Statens vegvesen viser at varebilen truleg køyrde i 35 km/t då kvinna vart påkøyrd.
Ho var langt ute i fotgjengarfeltet og var synleg for bilisten i 30-åra i fleire sekund.
Likevel merka ikkje sjåføren noko før at «høyrde eit smell og registrerte at noko trefte frontruta på bilen si venstre side».
Årsaka til det er ein dings som det er blitt stadig dyrare å bli tatt med bak rattet dei siste åra.
EU-godkjente bilar mot kebab
Sjekka vêr og mail
Politiet har undersøkt aktiviteten på mobiltelefonen til varebilsjåføren.
Påkøyrsla skjedde nøyaktig klokka 12:07:20, etter at varebilen kom ut frå ei rundkøyring. I minuttet før skjedde følgande på mobilen hans:
Thon Hotels-app vart opna
Google Play Store vart opna og det vart søkt etter «Yr»-appen.
Rett etter vart «Yr»-appen opna.
Deretter vart Gmail-appen opna
I dei avgjerande sekunda før påkøyrsla fekk også varebilsjåføren eit varsel frå eit anna mailprogram.
Outlook vart deretter opna klokka 12:07:15. Altså knappe fem sekund før kvinna vart påkøyrd.
La seg flat
– Retten finn det bevist at tiltalte har brukt handhalden mobiltelefon under køyringa og at dette var årsaka til at han ikkje oppdaga fornærma i tide, skriv tingretten.
Dommarane legg til at kvinna vart påført «svært alvorlege skader» og at det berre var tilfeldigheiter som gjorde at «fornærma overlevde påkøyrsla».
– Tiltalte har tatt ansvar for det han har gjort, beklaga seg og uttrykt stor sorg for det han har påført kvinna og dei pårørande, legg retten til.
– Dommen kjem ikkje til å bli anka frå vår side, seier forsvarar Lars Faye Ree til TV 2.
Sommel
Ulykka skjedde heilt tilbake i januar 2024. Først våren 2025 var saka ferdig etterforska og først i desember 2025 vart det teken ut tiltale mot mannen.
Retten er kritiske til tidsbruken og meiner det har ført til stor belastning for både tiltalte og fornærma.
Difor blir straffa på 36 dagar fengsel gjort på vilkår. Det betyr at mannen slepp å sona i fengsel.
Han erkjente erstatningsansvar og må betala 100.000 kroner til den fornærma kvinna.
– Det er spinnvilt at saka har blitt så gamal. Det bidreg til at saka føles blytung for min klient, legg forsvararen til.









English (US)