Sjukeutgiftene til migrenepasientar aukar: Nytt prosjekt fekk Bodil tilbake på jobb

3 days ago 26



Eg pleier ofte å seie at når det står på som verst, så har eg eigentleg berre lyst til å slenge hovudet i veggen for å få det til å liksom gå over. Men det fungerer jo ikkje.

Bodil Lønntun (48) har hatt migrene sidan ho var 19 år.

I lange periodar har migreneanfalla kome i 24 av dagane i ein månad.

Ho har vore mykje borte frå jobben på grunn av hovudverksjukdommen.

Ho meiner eit nytt prosjekt ved Akershus universitetssykehus har bidratt til å endre livet hennar.

en kvinne som smiler ved en elv

Prosjektet har gjort at Bodil kan reise på ferie til Italia for første gang på veldig mange år.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Prosjektet starta i 2020 og om lag 100 hovudverkpasientar deltok kvart år fram til 2022.

I løpet av denne perioden klarte dei å redusere sjukefråværet hos pasientane med tjue prosent. Det fortel nevrolog Kjersti Grøtta Vetvik som har leia prosjektet.

en person som bruker briller

Nevrolog Kjersti Grøtta Vetvik fortel at sjukefråværet er redusert med 20 prosent hos dei som var med i prosjektet.

Foto: A-hus / NRK


Før kom dei jo berre til poliklinikken og fekk ein medisin. Pasientane fortalde oss om dei andre plagene dei hadde, men vi hadde ikkje nokon stad å sende dei.

Vetvik fortel at dei starta å behandle alle plagene pasienten hadde, og behandlinga gjekk føre seg på same stad på sjukehuset med same team.

– Då oppretta vi eit tverrfagleg team med psykolog, fysioterapeut, sjukepleiar, Nav-rettleiar og nevrolog, som jobbar tett saman rundt pasienten.

Prosjektet ved Ahus er inspirert av ein dansk modell.

Også i Danmark har dei fått ned sjukefråveret ved at eit team har behandla heile pasienten og alle plagene.

NRK har tidlegare fortalt at berre migrene kostar staten over ein milliard kroner i sjukepengar og arbeidsavklaringspengar.

Nye tal NRK har fått frå Nav viser at dei betalte ut over 100 millionar kroner meir i sjukepengar til migrenepasientar i fjor enn åra før.

I løpet av dei siste fire åra har utgiftene til sjukepengar til desse pasientane auka med 350 millionar kroner.

Kvinner er betydeleg meir sjuke av migrene enn menn, derfor betaler Nav ut langt meir sjukepengar til kvinner enn menn.

Einaste behandlingstilbodet i landet

No er prosjektet blitt ein del av behandlingstilbodet ved A-hus. Og dei håpar å få det ut på fleire sjukehus i landet.

– Det skal ikkje avhenge av kor du bor i landet, seier Vetvik.

Statssekretær i Helse - og omsorgsdepartementet Karl Kristian Bekeng seier resultata frå prosjektet er fantastiske.

en mann med skjegg og briller

Statssekretær i Helse - og omsorgsdepartementet Karl Kristian Bekeng seier prosjektet viser det viser jo innovasjonskrafta i vår felles helseteneste.

Foto: Truls Alnes Antonsen / Truls Alnes Antonsen / NRK

Særleg for dei pasientane som har levd med migrene og no kan ha ein mykje enklare kvardag, og som også kan arbeide og delta meir i samfunnet. Og så er det fantastisk, for det viser jo innovasjonskrafta i vår felles helseteneste, når dei får tid, rom og moglegheit til å utvikle den typen tilbod. Så no må vi finne gode måtar å spreie det på.

Prosjektet på sjukehuset har også hjelpt pasientar med nakke og ryggplager, i tillegg til hovudverkplagene.

1200 pasientar har vore med på prosjekta som i fylgje Vetvik alle har hatt gode resultat.

en person som står i en smal gate

Bodil Lønntun hadde berre eitt anfall på fleire dagar i Italia.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

For Bodil har prosjektet betydd at ho no klarer å jobbe i ei 100 prosent stilling.

No har eg ikkje vore sjukmeld sidan eg var med i det prosjektet, faktisk i det heile. Før så var det periodar som var såpass tøffe at eg måtte sjukemeldast.

Ho har framleis migrene mellom 12 og 17 dagar i månaden. Men før prosjektet hadde ho anfall i 24 av dagane i ein månad, fortel ho.

Eg har blitt mykje, mykje flinkare til å lytte til kroppen og ta omsyn til kroppen når han gir meg hint om at no er det eit eller anna på gang.

Då tar ho meir omsyn til det.

Eg får ned stressnivå, for stress er jo også ein trigger, i alle fall for meg.

Publisert 07.05.2025, kl. 22.52

Read Entire Article