Skal teste miljøvenlege underlag på leikeplassar – kan erstatte plast

5 days ago 17



Eit lag med bark blir lagt ut under huskestativet på ein leikeplass i Bergen sentrum.

Berre i Bergen har nesten ni av ti leikeplassar plast- eller gummiunderlag, viser tal frå 2019. Slik er det også i andre byer.

Men no testar kommunen ut to ulike underlag som skal vere eit meir miljøvennleg alternativ til gummi som ofte blir brukt.

– Me ønskjer å komme oss heilt vekk frå plastbaserte produkt. Difor har me utvikla og no lagt ut desse alternativa, seier Alexandra Altermark, prosjektleiar frå Bymiljøetaten.

Prosjektleiar frå Bymiljøetaten, Alexandra Altermark står framføre personar som jobbar på leikeplassen med å legge nye underlag.

Prosjektleiar Alexandra Altermark i Bymiljøetaten håpar dei nye underlaga kan bli eit plastfritt alternativ for framtidas leikeplassar.

Foto: Nina Kausland / NRK

Bergen kommune er den første kommunen der desse to underlaga blir prøvd.

Dei neste tolv månadene skal underlaga testast i både regn, snø og for slitasje.

Etter dette vil det vere klart om dei nye fallunderlaga kan brukast på fleire leikeplassar.

Eit alternativ til plast og gummi

I dag er underlag på leikeplassar ofte i plass-støypt gummi. Argumenta for dette er låge driftskostnader, auka tryggleik og betre tilgjengelegheit.

Sjølv om det er strenge miljøkrav for gummibaserte falldekke, er målet med prosjektet i Bergen å finne meir berekraftige alternativ.

No skal det testast ut plastfritt, universelt tilgjengeleg og trygt fallunderlag som kan brukast på leikeplassar, seier Altermark.

Ein mann legg bark på underlag på ein leikeplass med ein spade.

Bark kan kanskje erstatte plast på leikeplassar

Foto: Nina Kausland / NRK

Bergen kommune skal teste ut to underlag.

Eit der gummigranulat er erstatta med bark, og eit laga av sagspon og mycel – rotnettverket til sopp – med eit topplag av hampetau.

Begge underlaga inneheld mykje mindre plast.

Professor Ketil Hylland ved institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo er positivt til prosjektet i Bergen.

– Det er veldig bra å fjerne plast, også fordi det lekker kjemikaliar og frigir mikroplast, seier han.

Han har mest tru på underlaget laga av sagspon og sopp, sidan barkeunderlaget må bruke lim som inneheld plast.

– Lim inneheld også kjemikaliar, men det er avhengig av mengde og innhald

En mann som bruker en spade til å legge bark på bakken.

Her blir det bark i staden for plast.

Foto: Nina Kausland / NRK

Lite forskjell for leiken

Men for barna sin leik, er det derimot ikkje så stor forskjell om det er gummi eller andre harde og kompakte underlag i naturmateriale.

Det seier Rune Storli ved Dronning Mauds minne høgskule for barnehagelærarutdanning.

Han har undersøkt korleis barn leiker på ulikt underlag.

Ungane vil heile tida vere på jakt etter noko som er leikbart. Harde underlag tilbyr veldig lite variert leik samanlikna med jord, natur og grass.

Ifølge han er eit variert miljø med materiale som ungane sjølv kan bestemme kva dei skal bruke det til, det beste for barna sin leik.

Alexandra Altermark i Bymiljøetaten seier at også dei legg til rette for eit variert leikemiljø med ulike underlag.

– Slik vi bygger no prøver vi å redusere omfanget av gumme, og ikkje bruke plast der vi ikkje må.

Ein leikeplass stativ har fått nye underlag.

Med underlaga kan restmateriale frå skog- og landbruk få nytt liv i staden for å bli til avfall.

Foto: Nina Kausland / NRK

Langsiktig plan og vidare testing

I tillegg til i Bergen, skal også underlaga testast i Oslo, ved Østbanehallen og i Østensjø i Oslo.

Det er den som eig leikeplassen, til dømes kommune eller burettslag, som må betale prisen for eventuelt nytt underlag.

For Bergen kommune sin del vil det vere mest aktuelt å nytte plastfrie alternativ der det skal byggast nye leikeplassar eller der allereie gamle og utslitne underlag skal skiftast ut.

Men det finst førebels ikkje noko klart prisbilete for dei nye underlaga.

– Me er i utprøvingsfasen. Me må sjå kor lang tid det tek å leggja det ut, og om me kan få tak i ein alternativ lim med mindre polyuretan, seier prosjektleiar Jan Sverre Nesbø.

To personar i gul vest jobbar med å legge nytt underlag.

Oslobygg, Bymiljøetaten i Oslo og Bymiljøetaten i Bergen står bak prosjektet. Dette med støtte frå Noregs forskingsråd.

Foto: Nina Kausland / NRK

Publisert 29.05.2025, kl. 17.53

Read Entire Article