Skiskyttarprofil i dramatisk ulykke – hugsar framleis ikkje kva som skjedde

1 day ago 6



– Eg var litt redd, men det er jo fordi det er som å ha kraftig demens når ein er midt oppi det der, fortel Martin Uldal.

Skiskyttarane er samla for første gong etter å ha hatt rundt ein månad fri etter sesongslutt. Men for to veker sidan enda ein skitur saman med skiskyttarkjærasten Gro Randby på dramatisk vis.

– Vi gjekk berre på skaren, så kom den noko fokksnø ned ei bakke, som eg ikkje hadde sett tydelegvis, og så berre tryna eg og slo hovudet, seier han til NRK.

Paret hadde gått i rundt tre timar då 24-åringen datt. Då Uldal plutseleg hadde gløymt kor han var og kvifor dei gjekk på ski, ringde Randby raskt nødnummeret. Han har derfor blitt fortald kva som skjedde.

– Gro har sagt at vi blei guida til ei DNT-hytte. Røde Kors kom og så køyrde vi skuter til ambulansen. Eg er veldig takksam for at vi fekk hjelp, seier Uldal.

En mann og en dame står ved siden av hverandre

VAR PÅ TUR: Martin Uldal og skiskyttarkjærasten Gro Randby frå verdscupen i Estland tidlegare i år. Bilde blei naturleg nok ikkje hovudfokuset då ulykka skjedde på skitur.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

– Det var ei veldig surrealistisk oppleving at han plutseleg mista minnet og blei meir eller mindre ute av stand til å komme seg heim. Eg er glad for at vi fekk hjelp av nødetatane, som sørgde for at vi fekk den hjelpa vi trong, fortel Randby.

– Hugsar ingenting

På sjukehuset fekk han konstatert hjerneristing, der hukommelsestap er eit vanleg symptom. Først hugsa han ingenting av den siste månaden.

– Då eg begynte å få minnet tilbake på sjukehuset så var det sånn at eg måtte vifte litt med tærne. Eg var sinnssjukt takksam for at eg ikkje var lam, og det seier vel litt om kor lite kontroll eg hadde då, seier sørlendingen.

– Er det noko du framleis ikkje hugsar?

– Eg hugsar framleis ingenting frå litt før eg trynar til eg er på sjukehus, omtrent. Så det er eit par timar der det er ganske tomt.

portrett av mann med utsikt bak

SMILER IGJEN: Martin Uldal kjenner seg klar for å ta fatt på oppkøyringa til ny sesong.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Skummelt for kjærasten

Men no han hugsar at han brukte «off season»-tida til blant anna å stå på fjellski, gå randonéturar – i tillegg til avslapping.

– Det har gått fint etterpå, og eg har ikkje hatt noko særleg vondt i hovudet. Ein kan jo spy og ha kvalme og sånne ting, men det har eg ikkje fått, svarer Uldal – som heldt seg heilt roleg og unngjekk skjerm den første veka.

– Og eg fekk jo vite at Gro var tatt ut på elitelandslaget to gonger, så det blei ei glede, seier han og flirer.

– Eg har aldri vore borti hukommelsestap før, så det var litt skummelt, men eg er veldig glad for at han omsider kom tilbake til seg sjølv igjen og at skaden ikkje var alvorleg, fastslår Randby.

kvinne på en benk i sola

HJELPTE TIL: Gro Randby er også ein del av det norske landslaget i skiskyting.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Skal passast på

Denne veka har skiskyttarherrane si første landslagssamling. Dei nye trenarane er sjølvsagt godt informerte om Uldals situasjon.

– Han må vere litt forsiktig, så det må vi absolutt følge litt med på. Det er gjerne sånn at utøvarane er positive, og så må vi vere litt bremsen. Det viktigaste blir at han har helsa i behald og at han har det ålreit, seier Anders Øverby.

– Vi kan ikkje bagatellisere desse tinga, og det har vi sett med Karoline Knotten før. Det er ei oppgåve for oss trenarar å følge med på om alt er i orden, men sånn det ser ut nå så har han hatt flaks i uflaks, seier Patrick Oberegger.

Uldal er førebudd på å ta det rolegare i starten sjølv om han er klarert for trening.

– Eg skal kanskje ikkje trene like mykje som på det meste. Det er jo greitt å trappe det opp litt, fastslår han.

Publisert 20.05.2026, kl. 18.09

Read Entire Article