Skodespelar Per Tofte er død: – Ein av dei store scenekunstnarane i landet

4 hours ago 1



– Det er med sorg vi fekk bodskapen om at Per Tofte er død. Vi har mista ein ruvande kulturberar av Peer Gynt-historia vår.

Det skriv kulturfestivalen Peer Gynt i Gudbrandsdalen på si Facebook-side laurdag.

Per Tofte frå Sør-Fron i Innlandet hadde i perioden 1988–1994 stor suksess da han var tittelrolla i kulturfestivalen ved Gålåvatnet i Gudbrandsdalen.

– Per var ein «Peer Gynt-forskar» med ei djup innsikt i Ibsens meisterverk og stor kunnskap om stordommen til dramaet på scenene i verda. Han var ein av dei store scenekunstnarane i landet. Vi vil hugse Per som ein god venn av alle oss i Peer Gynt-familien som var så heldige å jobbe saman med han, skriv festivalen.

Så seint som hausten 2018, i ein alder av 83 år, spelte Tofte rolla som Gamle Bør i Bør *Børson jr. hos Teater Innlandet.

– Heilt avgjerande

Tofte debuterte som elev ved Trøndelag Teater i 1962, der han seinare blei tilsett.

I åra som følgde spelte han på både Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Riksteatret.

I 1989 tok Reidar Stangenes, som var sentral i arbeidet med Peer Gynt, kontakt med den utflytta odelsguten frå Gudbrandsdalen. Dette med spørsmål om han ville realisere ei teaterframsyning av Peer Gynt.

– Per var heilt avgjerande for at vi kom i gang med Peer Gynt. Utan han så hadde det ikkje blitt noko dei første åra, seier Stangenes til NRK.

Han minnest Tofte som ein jordnær person, og eit mildt og godt vesen.

– Han var ikkje den som var mest frampå, men i miljøet hadde han anerkjenning. Per var ein døropnar for at vi fekk med andre.

Første gong Tofte spelte tittelrolla i kulturfestivalen var i ein alder av 54 år, noko som på langt nær var noko hinder for han.

– Han hadde ein god fysikk, og var opptatt av å halde seg i form, seier Stangenes, og fortel at Per ofte gjekk på ski om vinteren.

Ibsen etterlét seg fleire hint om kven han brukte som modell for Peer, og det er slett ingen kven som helst.

Nytt tilbod

20 år etter Tofte sist spelte Peer Gynt på Gålå, tok regissør Erik Ulfsby kontakt med odelsguten.

– Kunne Per tenke seg å spele rolla som Presten? Per takka ja igjen, og i 2014 var han tilbake på Gålå i rolla som Presten, motstykket til Peer Gynt som han spelte 20 år tidlegare.

– Nå går vår varmaste medkjensle til Per Toftes næraste, avsluttar festivalen.

Publisert 28.03.2026, kl. 17.37 Oppdatert 28.03.2026, kl. 17.45

Read Entire Article