DEBATT: Kan auken i talet på foreldre som har hatt problem med å få barn til å gå på skulen, henga saman med auka undervisningsomfang og at skolen er blitt teoritung og kjedeleg for ein del elevar, særleg på barnesteget.
Sigmund Sunnanå
Tidlegare utdanningsdirektør i Rogaland
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
I ei melding frå Utdanningsdirektoratet kunne vi lesa at 4 av 10 foreldre har hatt problem med å få barn til å gå på skolen. I meldinga gjekk det også fram at talet på barn som vegra seg for skolegang hadde blitt dobla etter pandemien. Det kan vera mange årsaker til dette, ei kan vera omfanget på undervisninga.
Skoleforskar Elise Farstad Djupedal ved NTNU har dukka ned i 70 år med norsk læreplanhistorie. Ho fortel mellom anna at ein 1. klasse med sjuåringar i 1975 gjekk på skolen tre dagar i veka. I 1998, eitt år etter innføringa av 6-årsreforma, gjekk ein 2. klasse med sjuåringar fem dagar på skolen, men skoledagen var kort, gjerne berre fram til lunsj.
Kunnskapsløftet
Då Pisa-resultata låg føre i desember 2001, viste dei at vårt land låg litt lenger nede på rangeringa enn det mange hadde forventa. Vi låg til dømes etter Finland og andre land som vi kunne samanlikna oss med. Det blei krav om at skolen måtte styrkjast, særleg i Pisa- faga norsk, matematikk og naturfag.
Med 6-årsreforma i1997 fekk vi obligatorisk 10-årig grunnskole. Det første året skulle vera eit overgangs år mellom barnehage og skole prega av leik og andre praktiske aktivitetar. Denne intensjonen fall bort då Pisa-resultata låg føre.
2006 fekk læreplanar med kompetansemål om kva elevane skulle kunna. Tidlegare hadde ein hatt mål som ein skulle arbeida mot å nå. Barn i 5 – 6-årsalderen skulle nå læra å lesa, skriva og rekna alt frå første skoledagen. Mange barn var ikkje modne for dette.
Kunnskapsløftet 2006 inneheldt også ein omfattande auke i undervisningstimetalet i dei teoretiske faga, særleg norsk og matematikk. Timar til valfag fall bort, og dei praktiske og estetiske faga (kunst og handverk, musikk, kroppsøving, mat og helse, drama) fekk lågare prioritet. Skoledagen blei lang, og mange barn med mindre evner og interesse for opplæring i teoretiske fag, opplevde tilkortkoming, utanforskap og vantrivsel. Det blei også innført ei omfattande prøve – og testsystem.
To skoleår ekstra
Undervisningstimetalet på barnesteget auka med tilsvarande to skoleår. Denne millionsatsing førte ikkje til betre rangering på Pisa- skalaen. På 2000-talet har rangeringa halde seg nokså konstant og heller gått litt ned enn opp. Det som har gått opp, er talet på elevar med psykiske vanskar og elevar som vegrar seg for å gå på skolen.
Dette kan tolkast som at auka undervisningstimetal ikkje utan vidare fører til betre læringsresultat. Å gå frå det kjente til det ukjente er framleis eit viktig læringsprinsipp. Læringa må ta utgangspunkt i elevane sitt heimemiljø og vera konkret, nyttig og livsnær. Det er utkvilte og motiverte elevar som saman med flinke lærarar gir dei beste læringsresultata, ikkje omfanget av undervisningstimetalet. Altfor mange stillesittande timar med teori kan verka trøyttande og lite motiverande.
Minst 400 grunnskolar er blitt borte på 2000-talet. Ei omfattande sentraliseringsbølgje har teke små barn ut av heimemiljøet sitt og sett dei på bussen til ein større sentralskole. For mange barn kan dette vera ei fysisk og psykisk påkjenning som gir lite lærelyst, utryggleik og vantrivsel med mellom anna skolevegring som resultat.
Situasjonen i dag
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har teke mange positive initiativ for å gjera grunnskolen betre, til dømes mindre skjermbruk, lesing i bok og meir konkret og praktisk undervisning. Utan å venta på tilrådingane frå Felleskoleutvalet har ho gjort framlegg om å redusera timetalet i engelsk, samfunnsfag og KRLE. Departementet arbeider med nye læreplanar, og har alt sendt ut på høyring eit forslag til ny plan for matematikk.
Etter mi meining burde den største reduksjonen i undervisningstimetalet på barnesteget kome i norsk og matematikk. Ved å ta utgangspunkt i timetalet for desse faga i Mønsterplanen 1987 og i Læreplanverket 1997, kunne ein spart store ressursar. Dei innsparte ressursane kunne ein nytta mellom anna til å auka timetalet i dei praktiske og estetiske faga og å gjera undervisninga meir konkret og livsnær for elevane.
Nokre velmeinte råd
- Reduser undervisningstimetalet i teoretiske fag, særleg norsk og matematikk.
- Auk timetalet i praktiske og estetiske fag og opprett valfag på ungdomssteget.
- Gi også valfagtilbod i norsk og matematikk slik at flinke og interesserte elevar kan få noko å bryna seg på.
- Gå bort frå kompetansemål i fagplanane, bruk «mjukare» målformuleringar.
- Bruk mindre prøver og testar.
- Gjer innhaldet i fagplanane meir konkret og praktisk.
- Sats på mindre skolar og færre elevar i klassane.
- Sats på skolar i nærmiljøet, prøv å unngå nedlegging og sentralisering.
- La barns beste bli prioritert framfor økonomi. La barn sleppa lange bussturar når dei skal på skolen. Skolestruktur bør ikkje berre vera eit kommunalt, men også eit nasjonalt ansvar.
- Ha merksemda retta mot sårbare barn og unge, gi dei eit godt tilbod.
Utvikling og bruk av KI kan få som konsekvens at ein må tenkja heilt nytt om mål, innhald, arbeidsformer, vurdering og organisering for skole og utdanning. Det skal bli interessant å sjå tilrådingane frå Felleskoleutvalet om kva slags skole utvalet ser for seg i åra framover.
Publisert:
Publisert: 5. mars 2026 19:35

15 hours ago
6









English (US)