Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren. Besvart: 06.03.2026 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

3 days ago 19



Dokument nr. 15:1731 (2025-2026)

Innlevert: 24.02.2026
Sendt: 25.02.2026
Besvart: 06.03.2026 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva er det konkrete rettslege grunnlaget for at ein firebarnsfar frå Karmøy framleis er fridomsrøva ved Politiets utlendingsinternat på Trandum, trass i at Borgarting lagmannsrett – som Oslo tingrett før – har kome til at utvisinga er ugyldig og i strid med EMK artikkel 8 (retten til familieliv), og vil statsråden ta initiativ til at han straks blir lauslaten og får koma heim til familien medan saka eventuelt blir vurdert vidare av forvaltninga?

Begrunnelse

Vedkomande er far til fire barn som alle er norske statsborgarar, og bur med kona si på Karmøy. Han vart pågripen heime, framfor familien, natt til 28. januar og sett på Trandum. Dette skjedde medan det framleis låg føre ei pågåande rettsleg avklaring, og etter at saka over tid har vore gjenstand for omfattande vurderingar i både forvaltning og domstolar.
No har Borgarting lagmannsrett – for andre gong i rettssystemet – slått fast at utvising av firebarnsfaren vil vera uforholdsmessig overfor barna og innebera brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8. Dommen byggjer mellom anna på at utvising vil påføra barna «uvanleg store belastningar», og at kontakt over telefon og internett ikkje i tilstrekkeleg grad vil avdempa skadeverknadene av eit relasjonsbrot. Når domstolen har konkludert slik, reiser det alvorlege rettstryggleiks- og proporsjonalitetsspørsmål at han likevel blir halden internert.
Fridomsrøving er eitt av dei mest inngripande tiltaka staten kan nytta, og føreset eit tydeleg lovgrunnlag, individuell og oppdatert vurdering av naudsyntheit, og at mildare tiltak ikkje er tilstrekkelege. I denne saka er det opplyst at Politiets utlendingsenhet (PU) ikkje vil sleppa han fri, at Utlendingsnemnda (UNE) vurderer vidare prosess, og at det samstundes har vore vanskeleg å få klåre svar og innsyn frå ansvarlege organ. Dette skapar uvisse for familien og forsterkar belastninga for barna, som allereie har vore gjennom langvarig uro.
På denne bakgrunnen er det nødvendig at statsråden klargjer kva heimel og vurderingar som ligg til grunn for fortsett internering, korleis omsynet til «barnets beste» og domstolen sine konklusjonar blir følgde opp i praksis, og kva tiltak regjeringa vil setja i verk for å sikra at forvaltninga respekterer domstolskontroll og grunnleggjande rettstryggleik.

Astri Aas-Hansen (A)

Svar

Astri Aas-Hansen: Utlendingen ble i kjennelse fra Oslo tingrett 29. januar 2026 internert frem til 26. februar 2026 i medhold av utlendingsloven § 106 første ledd bokstav a og b. Borgarting lagmannsrett besluttet i kjennelse 4. mars 2026 at utlendingen kan holdes videre internert frem til 26. mars 2026. Lagmannsrettens kjennelse kan ankes.

Read Entire Article