Dei tre 18-åringane Benjamin Dogan, Sebastian Årdal Kongsvoll og Sunniva Nilsen Strømnes smiler og ler.
Saman med nesten 30 medelevar går dei på påbygg for å få generell studiekompetanse ved Førde vidaregåande skule i Sunnfjord. Dei trivast godt og angrar ikkje.
Men dette var ikkje den opphavlege planen. Hausten 2023 starta dei alle på yrkesfag.
Ville bli kokk og tømrar
Benjamin ville bli kokk, medan Sebastian og Sunniva ville bli tømrar. Men underveges så mista dei lysta på det dei hadde sett for seg.
– Eg fann ut at eg likevel ikkje vil bli tømrar, seier Sebastian.
– Same her, seier Sunniva.
Også Benjamin ombestemte seg undervegs.
– Eg hoppa over til påbygg fordi eg etter kvart vil starte på høgare utdanning, seier han.
Benjamin Dogan, Sebastian Årdal Kongsvoll og Sunniva Nilsen Strømnes er tre av nesten 7500 elevar som hoppa over frå yrkesfag til påbygg for å få generell studiekompetanse i fjor.
Foto: Bård Siem / NRKEin av fire hoppa av
Dei tre 18-åringane frå Sunnfjord er på ingen måte åleine. For samstundes målretta marknadsføring har gitt rekordmange søkarar til yrkesfag, aukar talet på dei som hoppar av undervegs.
Dei nyaste tilgjengelege tala frå 2024 viser at 7456 elevar, eller nær 25 prosent av totalen, hoppa over frå yrkesfag til påbygg.
Dei siste åra har det vorte ein gradvis større andel som har hoppa over frå yrkesfag til påbygg.
Medan det i 2021 var 22 prosent som hoppa over, var det nær 25 prosent i 2024. Ved å hoppe over til påbygg sa dei også nei til å bli fagarbeidarar.
*) Tala for 2025 er ikkje klare. Kjelde Utdanningsdirektoratet.
Aldri før har så mange søkt seg til yrkesfag, men det hjelp så lite sidan så mange hoppar over til vidare skulegang.
Tal frå SSB viser at Noreg kan mangle 85.000 fagarbeidarar innan 2035.
NHO er bekymra
Seniorrådgjevar Inger Dyrnes i NHO er svært uroa over situasjonen.
– Vi er bekymra over at det ikkje blir utdanna fleire fagarbeidarar i Noreg. Vi har skrikande behov blant medlemsbedriftene våre, seier ho.
Dyrnes meiner fylkeskommunane må leggje betre til rette for at elevar kan ta utdanning og fagbrev som samfunnet etterspør.
Benjamin Dogan (18) angrar ikkje på at han hoppa av og sa nei til å ta læreplass. Han vil i staden ta høgare utdanning.
Foto: Bård Siem / NRKUroa over mangel på fagarbeidarar
Også statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Sindre Lysø (Ap), er uroa over mangelen på fagarbeidarar. Samtidig ser han ingen grunn til å endre på ordninga med å kunne ta påbygg.
– Vi er fornøgde med at rekordmange søkjer seg til yrkesfag fordi samfunnet har behov for mange fleire fagarbeidarar i åra som kjem. Samtidig er det for få som startar på yrkesfag som endar opp med eit fagbrev, seier han.
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Sindre Lysø (Ap), er fornøgd med at mange søkjer seg til yrkesfag, men likar ikkje at så mange hoppar av.
Foto: Ilja C. HendelVil ta frå elevar rett til å hoppe over
Petter Hagen er skulerådgjevar og mannen bak podkasten Utdanningspodden. Han meiner regjeringa har liten grunn til å slå seg på brystet, sjølv om fleire søkjer seg til yrkesfag.
– Dersom yrkesfag har som mål å få elevar til å ta ein lærlingplass og få seg eit fagbrev, er det ikkje vegen å gå å tilby påbygg etter to år på yrkesfag.
– Så du meiner det ikkje bør vere mogleg å gå påbygg direkte etter VG2?
– Eg meiner politikarane bør sjå nøyde på dette og vurdere ei løysing der ein ikkje lenger kan ta påbygg etter VG2.
– For få elevplassar
Administrerande direktør i Maskinentreprenørane sitt forbund, Julie Brodtkorb, fortel at hennar bransje i stor grad slit med å på tak i noko lærlingar. Noko som går ut over produktiviteten.
– Hovudproblemet er at det er for få skuleplassar der det både er rom for dei som vil ut i lære og dei som vil ta påbygg. Med for få plassar aukar inntakssnittet og vi mistar mange praktisk anlagte ungdommar som ikkje kjem inn, seier ho.
Administrerande direktør i Maskinentreprenørane sitt forbund, Julie Brodtkorb, peikar på at det er for få skuleplassar der det både er rom for dei som vil ut i lære og dei som vil ta påbygg.
Foto: ÅSMUND GULLACHSENBrodtkorb mistenkjer at ein ser desse igjen i statistikken over ungdom i utanforskap som verken er i utdanning eller i jobb.
– Dette er ungdommar vår sektor også treng, seier ho.
Vil ha meir praktisk grunnskule
Forbundssekretær Joachim Espe i Fellesforbundet fortel om mange bedrifter som slit fælt med å få tak i nok lærlingar.
– Både i bygg og industri er det mange bedrifter som seier dei manglar kvalifiserte søkjarar til læreplass.
Innsatsen bør leggjast tidleg i skuleløpet gjennom ein meir praktisk og variert grunnskule, seier han.
Espe peikar også på at fylka legg ned skuletilbod på grunn av dårleg økonomi.
– Dette er ei utvikling vi reagerer svært negativt på. Yrkesfag er dyrast på grunn av utstyret, men heilt nødvendig for å sikre rekrutteringa, seier han.
Her ser vi dagens påbyggklasse ved Førde vidaregåande skule. I staden for å gå ut i lære har dei valt vidare skulegang.
Foto: Bård Siem / NRKHar starta informasjonskampanje
I Rogaland har dei starta ein eigen informasjonskampanje for å få fleire til å ta fagbrev.
– Kampanjen har som mål å bidra til at fleire ungdomsskuleelevar vel rett programområde i vidaregåande skule, seier opplæringsdirektør i Rogaland fylkeskommune, Eiliv Fougner Janssen.
Også fylkespolitikarane i Vestland er uroa over at så mange går over frå yrkesfag til påbygg. Fylkestinget vedtok i desember i fjor at det skal sjåast på ordningar for korleis færre kan velje påbygg.
– Vi ønskjer at færre skal velje påbygg og vil jobbe vidare for å sjå på kva som er mogleg å få til juridisk og praktisk, seier Elias Eide (H), mannen bak forslaget.
Publisert 16.01.2026, kl. 10.28 Oppdatert 16.01.2026, kl. 10.52














English (US)