Skulepolitikken må bli meir treffsikker

3 hours ago 1



GJESTEKOMMENTAR: Etter neste stortingsval kan norske skuleelevar på nytt verte utsette for eksperiment som går gale.

I vår tid oppstår likevel magi først og fremst som resultatet av hardt og systematisk arbeid. Vi må berre vite kva som verkar i skulen. På bildet besøker kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun Lervig skole i Stavanger. Foto: Fredrik Refvem
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Eg hugsar den første gongen i livet mitt då eg las ei heil bok på eiga hand, og det var Pippi Langstrømpe går til sjøs, av Astrid Lindgren. Eg sat ved pulten min på Undarheim barneskule på Husnes tidleg på 1970-talet, timen forsvann, eg hadde vorte rørt ved av ein tryllestav. Slik det kjentest det i alle fall ut.

I ein alarmerande rapport Riksrevisjonen nyleg presenterte, kjem det fram at om lag kvar tredje elev i dag manglar leseevnene ein treng for å fungere i samfunnet. Tryllestaven til lærarane verkar ikkje lenger.

Kva er gale, og kor gode er dei politiske svara? 

I vår tid oppstår likevel magi først og fremst som resultatet av hardt og systematisk arbeid.

Kunnskapslaus politikk

Det eine året var det skjerm inn – no er det skjerm ut. For nokre år sidan skulle lærarane sleppast fri og alt fagleg skulle overlatast til dei – no strammast det til att. Og som eg kjem tilbake til: Ein varsla nivådelingsreform frå Frp kan snu opp ned på det vi kjente som fellesskulen.

Elevane i småskulen er som evige forsøkskaninar. Men som kommentator i Aftenbladet Hilde Øvrebekk peiker på, manglar vi like fullt systematisk om kva som fungerer: Skulepolitikken som skal gje neste generasjon kunnskap, er sjølv kunnskapslaus.

Sjølv har eg kontakta to kloke lærarar med lang erfaring og lese den vesle bokskatten Første Klasse. Det året vi lærte bokstavene av Bjørn Arild Ersland (2024) for å skjøne meir.

La meg likevel få dele ein eigen observasjon først. Spreiinga i lærarkompetanse verkar enorm. Nokre lærarar ser eleven og lager gode opplegg. Andre lærer seg knapt nok namnet på elevane dei har hovudansvar for. I ein slik situasjon bør skulepolitikken ha klare tilrådingar i det faglege opplegget.

To lærarar

«Det som er den store endringa, er at motstanden mot å ville lese no er mykje større enn nokon gong før», fortel den eine læraren meg. Når det er vanskeleg å skape motivasjon for lesing – då er det ikkje så rart at dugleiken skrantar.

Å inkludere elevar «utanfor boksen» er heller ikkje kostnadsfritt. Og ei anna side ved skulekvardagen gjeld at foreldregruppa på ein annan måte enn før er kritiske pådrivarar som gjer det vanskelegare for lærarane å styre.

Basert på skildringane oppfor: Skulepolitikken må skilje mellom to ulike typar sjølvstende for lærarane. Lærarane må kunne ha fridom til å vere strenge og handtere utfordringar der og då – til dømes når elevar ikkje oppfører seg. Men retningsliner for fagleg innhald trengst.

Lære å lese

I boka til Ersland følgjer han ein klasse førsteklassingar gjennom eit år når dei skal lære seg bokstavane. Hovudlæraren er klok og lar elevane få vere seg sjølve. Stundom er det stille i klassen, det ein høyrer er ein slags dur av låg mumling – ein godlyd når dei jobbar. I denne klassen går tilrettelegginga stort sett veldig fint.

Når det er vikarar, ender det ofte opp med svake opplegg, rot og kaos. Og mangelen på læreverk i denne klassen verkar prekær. Men Ersland ser at generelt trivst smårollingane, dei får kontroll på bokstavane og dei veks i dobbelt forstand. Ikkje minst viser han kor mykje sosial læring og god inkludering har å seie. Frå sist i boka: «De ble større og de ble trygge, de ble en gjeng som søker mot hverandre, som ordner seg selv, og det skal de fortsette med, i mange, mange år» (s. 181).

Kamp mot fellesskulen

Skulepolitikken til Frp kan bli innført etter neste Stortingsval. Den skulepolitiske talspersonen til Frp, Simen Velle, meiner fellesskulen har spela fallitt og rettar merksemda særleg mot to felt. For det første vil partiet dele elevane inn etter nivå i fag som norsk, matte og engelsk; elevar kan skifte nivå over tid. For det andre er partiet opptatt av at det skal vere lettare å flytte ut elevar som syner uakseptabel åtferd. Det skal bli oppretta fleire spesialiserte tilbod. Og Norge har mange lærarar pr. elev utan at det gir resultat, slår Velle fast.

Skulepolitikken til Frp kan verte eit eksperiment som går gale. Eg oppfattar at nivådelinga betyr noko anna enn det dei alt driv med. Men utan fleire lærarar, korleis skal det skje i praksis? Det bør vi få vite meir om. Ein stor risiko er at elevar på den svakaste gruppa opplever det som eit negativt stempel. Dette er det svært viktig å unngå.

Dessutan er risikoen med fleire spesialiserte opplegg at utanforskapet vert meir varig enn ved dagens praksis.

Magi i vår tid

Når det gjeld dagens politikk, satsar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på eit leseløft og at dei som strevar med lesing, får rask oppfølging. Ho vil konkretisere kva lærarane er forventa å undervise om i faga (innhaldslister). Det vil ta tid før vi veit om dette fungerer.

Då den eldste sonen begynte å lese bøker åleine, var det på grunn av Harry Potter – ein liten trollmann med ein ny tryllestav: Ei lesebølgje oppstod.

I vår tid oppstår likevel magi først og fremst som resultatet av hardt og systematisk arbeid. Vi må berre vite kva som verkar. Her kan nok også forskinga ved min eigen sektor bidra betre. For skulepolitikken, han må bli meir treffsikker.

Publisert:

Publisert: 5. juli 2026 20:00

Read Entire Article