Ei undersøking frå Norsk Tipping viser at fotballmiljøet er overrepresentert når det kjem til å drive med odds- og kasinospel.
– Eg kjenner det igjen, seier Vålerenga-kaptein Christian Borchgrevink når han får høyre kor mange nede i divisjonane som er ein risikospelar.
25-åringen har spelt for HamKam, Notodden og no Vålerenga sidan 2019. Frå og med sommaren skal han spele for den skotske klubben Hearts.
– Dei som spelar mest av dei eg har spelt med tidlegare har som regel vore under 25 år. Eg kjenner igjen personlegdomstrekka.
Store kjønnsforskjellar
I undersøkinga gjort av Norsk Tipping viser tal at fotballspelarar under elitenivå har det største problemet. 26 prosent av spelarane i 2. divisjon er anten ein problemspelar eller risikospelar, medan 28 prosent er ein av delane i 3. divisjon.
– Dei som lever av og jobbar for å prestere og konkurrere vil kjenne igjen at det ligg eit konkurranseelement i både fotball og kasinospel. Det triggar noko som heilt klart ligg hos dei latent, seier Tonje Sagstuen, administrerande direktør i Norsk Tipping.
Forskjellane mellom kvinner og menn i undersøkinga er markant. I Toppserien er talet på anten problemspelar eller risikospelar nede på 3 prosent og i 1. divisjon er det ingen av dei som har svart som er i faresona.
– Viss du ser på kjønnsforskjellen på kven som søker hjelp, så er det langt fleire menn enn kvinner. Mange har ein teori på å knyte det opp mot risiko, seier avdelingsleiar i spelavhengigheit i Blå Kors, Magnus Eidem til NRK.
I befolkninga generelt er talet på dei som er avhengige, eller i faresona for å utvikle avhengigheit på 16 prosent for menn.
– Me har jo ikkje noko forsking som seier at idrettsutøvarar har enda større trong til risiko. Men det her med konkurranseelementet og at dei er konkurransemenneske, det kan jo vere ein faktor verdt å nemne, seier Eidem.
Fleire unge menn med problem
Norsk Tipping har også gjort undersøkingar på aldersgrupper. Verst er utviklinga blant menn i aldersgruppa 18–25 år. Eidem i Blå Kors seier dei også får fleire førespurnader frå unge som ber om hjelp.
– Det er heilt fram til siste året me har merka auka pågang av unge menneske.
Heile tre av fire unge menn svarer i undersøkinga at oddsspel og kasinospel blir snakka om i deira omgangskrets. Frå januar 2023 fram til november i 2024 da den siste undersøkinga blei gjort har det vore ein negativ utvikling når det kjem til speleproblem blant unge menn.
– Viss me går 10–15 år tilbake, var det godt vaksne, garva speleavhengige, som har levd eit langt liv og er oppe i samlivsbrot som kom til oss med problema sine. No er det annleis. No kjem dei som nesten akkurat har fylt 18 år og er bekymra fordi de har blåst bort pengar som skulle gå til russebuss. Dette er nytt for oss, medgir Eidem.
– Me i Norsk Tipping ser at sidan me har tatt mykje av marknadsdelen av spelarane dei seinaste åra at me får inn godt trente spelarar som er 18 år. Da har dei lært å spele sport og kasino heilt andre plassar enn på Norsk Tipping. Me ser i gaming at spesielt unge gutar spelar frå dei er ganske små spel som har heilt klart kasinoliknande element, seier Sagstuen i Norsk Tipping.
For dryge to år sidan svarte 4,5 prosent av unge menn at dei var ein risikospelar. 0,8 prosent svarte at dei var ein problemspelar. Spol to år fram så er talet for risikospelar gått opp til 5,1 prosent og antalet problemspelarar er nesten dobla til 1,5 prosent.
– Det er ulike teoriar på auka. Men spel er synleg i ulike arenaer ut frå internettet, som jo har blitt den største arenaen som det blir spelt på. Det er også Influensarar som har marknadsført dette, som treffer unge menn godt, seier Sagstuen og held fram:
– Ein annan faktor eg har tenkt på, er kanskje det her med openheit rundt psykisk helse, og det å tore å sette ord på å ha problem, at det er større aksept for det. Som òg kan vere kanskje medverkande.
Ser problemet også på Elitenivå
Borchgrevink fortel at dei forsøker å ta opp problematikken i garderobepraten.
– Me ønsker jo å tru at me har den takhøgda, men det er veldig vanskeleg å seie. Eg veit jo at det er folk som spelar litt. Og så, utan å vere for direkte, så prøver du kanskje å få med deg kor mykje det her kanskje gjeld.
FORBETRINGSPOTENSIAL: Christian Borchgrevink erkjenner at mange mannlege fotballspelarar snakkar mykje om gambling. Han meiner garderobekulturen må vere open om problemet.
Foto: Carina Johansen / NTBSjølv om problema viser seg å vere høgst under elitenivå fortel Borchgrevink at det også finst spelarar han har spelt med på det øvste nivået som slit.
– Eg har vel kanskje opplevd at nokon har hatt litt problem. Eg synest det er vanskeleg å ta den samtala, og der trur eg me alle må bli flinkare. Sett i ettertid så føler eg at signala var der, men da gjorde eg vel strengt tatt ingenting. Eg hugsar det var snakk om summar her og der, og ein skjønte kanskje at det var litt vel mykje. Men den samtalen turte eg ikkje å ta.
– Hadde du turt å gjere det i dag?
– Eg trur det, men det er veldig lett å seie. Eg håpar eg hadde gjort det. Eg står i ein annan situasjon som person, eg er eldre og alt slik, men eg trur det er fint for ein fotballgruppe å snakke og vere opne om dette, avsluttar Borchgrevink.
Publisert 06.05.2025, kl. 22.41