– Eg likar ikkje flagg på bakken.
Allan Blaha er Securitas-vakt på Trekanttomta i Bergen.
No er han i full sving med å rydde opp etter gårsdagens moro.
Her vises kampar på storskjerm, både inne og ute, under VM.
3000 norske papirflagg vart delt ut i fotballteltet tysdag kveld.
– Ja, det er jo litt tungt å sjå. Norske flagg som går i bosset. Men dei var ferdige, seier prosjektleiar Andre Hellesøy.
– Det var veldig gøy å ha dei i går. Det var som eit gigantisk 17. mai-tog som stod i ro i tre timar.
Stemninga stod i taket på Trekanttomta i Bergen då Haaland skåra det første målet i VM-kampen mot Irak.
Korleis gjekk skjenkinga?
Det har vore stor spenning knytt til VM-nettene etter Stortinget utvida skjenketidene.
Fleire tusen menneske var samla i Bergen sentrum i natt.
Der gjekk det smertefritt.
– Vi har ingen registrerte tilfelle av noko bråk. Det var sjølvsagt nokre som blei leia ut fordi dei hadde det litt for gøy. Men Securitas melder om null hendingar, seier Hellesøy.
Politiet i Bergen seier det same:
Dei hadde ingen ordensforstyrringar i natt.
– Det einaste er to-tre stadar der ungdommar har spelt fotball til forstyrring for naboane, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatruljen i Bergen sentrum.
Politiet i Bergen hadde ingen ordensforstyrringar i natt, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatrulje i Bergen sentrum.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRKRundt klokka to kunne heile landet juble for ein 4-1-siger mot Irak i den første norske VM-kampen på 28 år.
At kampen starta midnatt og at det var ein vekedag trur han bidrog til at natta gjekk bra.
– Det var mykje folk, og veldig god stemning. Og folk reiste heim etter kampslutt.
Prosjektleiar Andre Hellesøy er nøgd med nattas folkefest.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKSecuritas-vakt Allan Blaha sørgar for at alt er klart til ein ny dag med VM-moro.
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK3000 papirflagg har gjort jobben sin for denne gong.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKFoto: Eskil Byrkjeland / NRK
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
– Har oppført seg
Det verkar også å vere tilfelle i resten av landet.
I Oslo melder politiet om ei litt travlare natt enn vanleg, men ikkje nokre store utfordringar. Også i Trøndelag har natta gått fint føre seg.
Politiet i Møre og Romsdal hadde ingen hendingar knytt til fotballfesten.
– Folk har stort sett oppført seg, så det er positivt, seier operasjonsleiar Jan Arild Austnes
Simon Meek og Matias Scheide Sannes så VM-kampen frå byfjellet Nesaksla i Åndalsnes.
Foto: Roar Strøm / NRKEn stor gruppe mennesker med norske flagg og skjerf feirer.
Foto: Lars Martin Hunstad / NRKJAAA! Her vert Noregs fyrste siger i VM feira.
Foto: Lars Martin Hunstad / NRKØstigaard er på plass i Åndalsnes.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKFoto: Lars Martin Hunstad / NRK
137 kommunar har utvida skjenking
Det har vore fleire diskusjonar knytt til utvida skjenking under VM, der det har blitt uttrykt bekymring for overdrive alkoholinntak og bråk.
Då NRK i slutten av mai undersøkte kva kommunar som utvida skjenketidene sine under VM, svarte 269 kommunar.
137 kommunar sa ja, men skjenkestadane måtte framleis søke om å få utvida tider. 42 kommunar svarte at dei ennå ikkje hadde tatt ei avgjersle.
Sjå oversikt om kven som sa ja og nei til utvida skjenketid.
Nokre kommunar svarer at dei utvidar frå 02.00 til 03.00 og andre utvidar til klokka 06.00. Andre svarer at det ikkje blir utvida, fordi ingen skjenkestader har søkt om utvida skjenketider.
Publisert 17.06.2026, kl. 15.02 Oppdatert 17.06.2026, kl. 15.17











English (US)