– Altså, eg fungerer i kvardagen, men eg fungerer ikkje så bra i langrenn. Ikkje bra nok til å vere skiløpar på høgt nivå.
Erik Valnes seier det som det er, og akkurat no står det rett og slett ikkje så bra til for 29-åringen frå Sørreisa.
Han skulle eigentleg ha vore i Lahti. I staden sit han heime og håpar at kroppen skal komme seg på rett kjøl.
Det nærmar seg ein månad sidan det som var tenkt å skulle bli den aller største dagen i karrieren. Den klassiske OL-sprinten i Val di Fiemme 10. februar 2026 blei tidleg identifisert som noko heilt spesielt.
– Då eg var ung landslagsløpar og plutseleg tok medalje under VM i Oberstdorf 2021, tenkte eg at VM i Planica i 2023 og OL i Italia skulle vere dei to store gullsjansane mine, seier han.
– Rekkje av uflakshendingar
Sånn blei det ikkje for mannen som er den einaste som innimellom har klart å gi Johannes Høsflot Klæbo kamp i klassisk sprint dei siste åra.
Under VM-sprinten i Planica datt han og brekte den eine skia i semifinalen.
– Der kjente eg meg sterk, og eg trur eg datt fordi skia hadde ein skade frå før, seier han.
Under VM i Trondheim to år seinare, måtte han trekkje seg frå sprinten på grunn av ein ryggskade. Då kom han rett nok tilbake og tok gull i både lagsprint og stafett.
Vel ei veke før OL-sprinten i Val di Fiemme i år, blei han sjuk.
– Det har vore ei rekkje av merkelege uflakshendingar. Det er ikkje artig å vite at det var slike ting som øydela. Hadde eg visst at eg ikkje hadde vore god nok, hadde det vore lettare å fordøye, erkjenner han.
– Hadde du tatt Klæbo i OL om du ikkje hadde blitt sjuk?
– Det blir feil å melde, eg skulle ha slite. Men det er ikkje utenkeleg at eg hadde klart å henge med i den siste bakken, seier Valnes.
STOR NEDTUR: Oskar Opstad Vike var godt i gang med bronsefeiringa da Erik Valnes kryssa målstreken i OL-finalen.
Foto: Lise Åserud / NTB– Nødmodus
Det var lenge tvil om han i det heile skulle komme til start. Men etter fem døgn der luftvegane blei verre og verre, snudde det tidsnok til at han gav det eit forsøk.
– Eg kjente meg ikkje katastrofe, men det var litt kollaps på luftvegar før finalen, seier Valnes.
– Kvartfinalen og halve semifinalen var ganske bra. I den siste bakken i semifinalen begynte det å surkle i luftvegane. Eg var pinne stiv på oppløpet, henta meg ikkje inn, og hosta heilt til finalen. Eg tolte ikkje meir, seier han.
Valnes blei sist i finalen der Klæbo tok ein suveren siger.
– Det blei litt nødmodus, eg måtte berre prøve. Og no har eg fått rekylen så det held, slår han fast.
Valnes gjekk seg ut av diskusjonen til både lagsprint og stafett i OL. Likevel blei han verande i Val di Fiemme som reserve til femmila.
Toler ikkje trening
To dagar før femmila hadde han ei hard økt.
– Den var faktisk ganske bra. Eg fekk lyst til å gå femmil, men eg responderte dårleg etterpå. Då eg reiste heim, blei eg småsjuk igjen. Og då eg prøvde å trene, fekk eg ein ny reaksjon. Eg har tydelegvis ikkje tolt trening sidan OL, konstaterer Valnes.
SLIT MED ASTMA: Erik Valnes erkjenner at elitesatsing i langrenn ikkje er den beste lungemedisinen i verda.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBI praksis kan sesongen vere over.
– Sprinten i Drammen er neste håp. Men då er det snakk om å skrape saman form, ikkje snakk om å vere hundre prosent sikre på at det er den beste versjonen av meg sjølv, seier han.
– Veit du kva du har hatt?
– Nei, men eg veit ganske mykje om kva eg ikkje har hatt. Eg har tatt nokre testar og fått eliminert ein del «verstingar».
Verre og verre
Samtidig ser han ein trend han knyter til astmadiagnosen han har hatt ei god stund.
– Eg har gått mange sprintar, og det er heilt jævlig for luftvegane. Eg har utvikla astma ved å gå harde skirenn. No blir forkjølingane verre og verre for kvar gong, seier han.
Landslagslege Ove Feragen bekreftar at dette er noko han har observert hos fleire skiløparar.
– Det er ikkje uvanleg at dei som har astma eller luftvegsutfordringar er litt meir utsett for trøbbel i etterkant av luftvegsinfeksjonar. Dei er meir sårbare, seier han til NRK.
ROAR: Landslagslege Ove Feragen
Foto: Geir Olsen / NTBSamtidig peikar han på at det ikkje er noko grunnlag for å seie at det gir varige problem.
– Når det gjeld utøvarar som utviklar luftvegsproblem gjennom karrieren, som ganske mange som driv uthaldsidrett i kulde gjer, ser vi heilt generelt at tilstanden normaliserer seg når dei får ro etter karrieren, seier Feragen.
Valnes vil ikkje gamble med helsa denne våren, sjølv om han lever i håpet om å kunne få ei god oppleving på tampen av sesongen.
Men å la astma og forkjølingar stå i vegen for satsing mot VM i Falun om eit år, kjem ikkje på tale.
– Det får vere eit offer eg må leve med, seier Erik Valnes.
Publisert 06.03.2026, kl. 11.15















English (US)