Slo tilbake etter kaos-dagar – tok ny medalje i OL

1 hour ago 3



Vetle Sjåstad Christiansen og Sturla Holm Lægreid imponerte under sprinten i OL og tok kvar sin medalje.

– Han ser ut som ein okse ute i løypa her, seier Tarjei Bø i det Vetle Sjåstad Christiansen passerer forbi i løypa.

Christiansen skaut fult hus og tok sin første individuelle sølvmedalje i OL.

Også Sturla Holm Lægreid gjekk ein solid sprint.

En skiskytter i en rød og blå drakt, med startnummer 60, sikter med gevær under et vinterarrangement. Utøverens fokus er rettet mot målet, mens snø dekket bakken og mørke bakgrunner gir kontrast. Omgivelsene viser en sportsarena med flere tilskuere og konkurrenter i bakgrunnen. Arrangementet er tilknyttet OL 2026 i Milano-Cortina. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Vetle Sjåstad Christiansen

Foto: Heiko Junge / NTB

Han har ikkje hatt den beste oppladinga til sprinten. Etter å ha tatt ein bronsemedalje på normaldistansen for nokre dagar sidan, innrømma Lægreid utruskap på direktesendt TV:

I dagane etter at har han blitt verdskjend for gesten.

– Eg håpar eg har hovudet på rett plass i dag, sa Sturla Holm Lægreid før start.

God fransk dag

– Er det gullvinnaren me ser der? sa kommentator Torgeir Bjørn i det franske Quentin Fillon Maillet skaut fem rett ned på siste ståande.

Rett etter kom lagkompis Émilien Jacquelin, som fylte på sin siste serie.

– Oi, oi, oi! Har vi sett verre i OL på 16,8 sekund? sa kommentator Ole Kristian Stoltenberg.

For i tillegg til å skyte feilfritt, så brukte han svært liten tid på standplass.

– Kven i all verda skal slå Émilien Jacquelin?

Émilien Jacquelin leverer strålande på andre skyting.

Rask start

Svenske Martin Ponsiluoma og alle franskmenn gjekk lynraskt frå start.

Jacquelin og Fillon Maillet starta med kvar sin raske serie, samstundes var dei raskast i løypa.

– Frankrike legg eit veldig press på Noreg med denne starten, seier Torgeir Bjørn.

Samstundes gjekk også Éric Perrot fort i løypa, men franskmannen bomma på første ligg.

En skiskytter i fullt utstyr retter våpenet mot målet. Det er snø og klart vær i omgivelsene. Utøveren er iført en blå drakt med detaljer i hvitt og rødt. En patron har nettopp blitt avfyrt fra riflen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Émilien Jacquelin

Foto: MARCO BERTORELLO / AFP / NTB

Dei norske herrane gjekk nesten rett etter kvarandre, Velte Sjåstad Christansen starta best av dei norske i sporet, tett etterfølgt av Johannes Dale-Skjevdal.

Både Lægreid, Botn og Dale-Skjevdal har gått individuelle øvingar i OL så langt, Christiansen blei vraka til normaldistansen.

Johan-Olav Botn vann normalen tidlegare denne veka:

Publisert 13.02.2026, kl. 14.53 Oppdatert 13.02.2026, kl. 14.59

Read Entire Article