– Det blir tatt ei vurdering no på morgonen ved det aktuelle vatnet. Blant anna for å finna ut kva type utstyr som trengst for å gjera nye søk, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.
Redningsaksjonen ved Vinddalsvannet i Os i Bjørnafjorden blei avslutta tysdag kveld. Ifølgje politiet er det ikkje håp om å finna dei to sakna i live, og dei er antatt omkomne.
Djupt vatn med mykje mudder
Flyet blei brukt til skuleflyging. Det var på veg frå Stord til Bergen Lufthamn då dei sende naudmelding til lufthamna rundt klokka 15.30 tysdag.
Ein søk- og redningsaksjon blei sett i gang, med Vinddalsvatnet som utgangspunkt.
Det er vanskelege forhold for søk i vatnet.
– Det er krevjande og veldig djupt enkelte stader. Og botnen, slik som me oppfatta i går frå dei som hadde vore nede, består av mudder som er vanskeleg å få god sikt i. Så der må ein ha rett type utstyr for å gjera nye søk, seier Rebnord.
Vinddalsvatnet er 65 meter på det djupaste. Politiet trur flyet kan ligga på botn av vatnet.
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Sissel Rikheim / NRKSAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Kenneth Svenningsen / Os og Fusaposten / Os og Fusaposten / NTBSAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Karsten Nøkling / NRKSAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Kenneth Svenningsen / Os og Fusaposten / Os og Fusaposten / NTBSAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Kenneth Svenningsen / Os og Fusaposten / Os og Fusaposten / NTBSAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Karsten Nøkling / NRK
Flyklubben: – Erfaren instruktør
Politiet jobbar med ei hypotese om at flyet har måtta landa eller har gått i vatnet og ned der.
– Det er ingen indikasjonar på at det skal vera nokon andre stader.
Leiaren i Bergen Aero Klubb, Bjørn Egenberg, stadfestar at det er medlem frå flyklubben hans som var om bord i flyet.
Egenberg veit ikkje noko om nivået til eleven, men har stor tillit til instruktøren som skal ha vore om bord.
– Instruktøren er veldig erfaren, kanskje klubben sine mest erfarne instruktør. Vi stiller oss veldig uforståande til kva som kan ha skjedd her, sa han til NRK tysdag.
– Dette kjem brått på og me tenker no på dei som er sakna og dei pårørande.
Redningsmannskapar på Vinddalsvannet tysdag.
Foto: Karsten NøklingPublisert 02.04.2025, kl. 06.03 Oppdatert 02.04.2025, kl. 06.18