Sparebank 1 Nord-Norge betaler rekninga for arrangementet i Tromsø, men i Bodø har ikkje nokon melde seg enno, fortel banksjefen.
– Me er i utgangspunktet positive til å bidra til fotballfest i Bodø, som skal vere rusfritt og gratis, seier Kristian Haubakk, banksjef i Sparebank 1 Nord-Norge Bodø.
Men han fortel at dei ikkje vil vere hovudarrangørar.
– Mi vinkling til Kulturministeren er at eg er lei av rikspolitikarane som skapar forventingar til kommunar, seier Odd-Emil Ingebrigtsen (H)
Utspelet frå Jaffery får han til å reagere. Han har skrive eit innlegg på Facebook der han kritiserer Jaffery sitt utspel.
– Eg meiner dette skapar forventingar til kommunar om å bidra, me i Bodø kommune har ikkje midlar til å vere arrangør, seier Ingebrigtsen.
Vidare fortel han at kommunen har idrettshallar som kan brukast til slike arrangement, men Bodø kommune kan ikkje vere arrangør.










English (US)