I oktober 2025 opna det nye sjukehuset i Drammen, med ein prislapp på 18 mrd. kroner. Men pauserom til jordmødrene var det ikkje pengar til. Når jordmødrene sjølve ordnar til med ein sofa for å lage seg eit pauserom, blir dette slått ned på av leiinga. I Stavanger er det også opna nytt sjukehus. Der må legane krangle om arbeidsstasjonar, og tilsette manglar garderobeplass. Ingen av sjukehusa er bygde med tilfluktsrom. Er det regjeringa sin politikk å bygge nye sjukehus med for liten plass til dei tilsette, og utan tilfluktsrom?
Datert: 19.01.2026
Besvart: 28.01.2026 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): I oktober 2025 opna det nye sjukehuset i Drammen, med ein prislapp på 18 mrd. kroner. Men pauserom til jordmødrene var det ikkje pengar til. Når jordmødrene sjølve ordnar til med ein sofa for å lage seg eit pauserom, blir dette slått ned på av leiinga. I Stavanger er det også opna nytt sjukehus. Der må legane krangle om arbeidsstasjonar, og tilsette manglar garderobeplass. Ingen av sjukehusa er bygde med tilfluktsrom.
Er det regjeringa sin politikk å bygge nye sjukehus med for liten plass til dei tilsette, og utan tilfluktsrom?









English (US)