– Det kjentest ut som foten eksploderte.
Det sa den britiske friidrettsutøvaren Eilish McColgan etter å ha fullført London Maraton søndag.
På veg over målstreken kunne ein sjå at den eine kvite joggeskoen ikkje lenger var fullt så kvit. Halve foten var nemleg dekt av blod.
Då ho prata med Athletic Weekly etter løpet, forklarte ho kva som hadde skjedd:
– Like etter halvvegs fekk eg ein veldig, veldig stygg blemme på foten. Det høyrest rart ut å seie det, men den einaste måten eg kan beskrive det på, er at det kjentest som om foten eksploderte, sa McColgan.
35-åringen sprang med blod sildrande gjennom skoa store delar av andre halvdel, og sprang inn til ein sjuandeplass på tida 2:24:51, 26 sekund saktare enn året før.
Eilish McColgan har hevda seg på 5000-og 10 000- meter. Her etter å ha tatt sølv på 10 000-meter i EM i München i 2022.
Foto: Martin Meissner / AP,NTB– Skuffa
McColgan blei med det også beste britiske løpar, men var likevel ikkje fornøgd.
– Eg følte at eg sprang litt rart etterpå fordi eg ikkje kjente trykket gjennom foten. Men eg tenkte at eg ikkje kunne gje meg så nær mål. Eg er berre skuffa over korleis kroppen heldt saman der ute, sa McColgan.
Etiopiske Tigist Assefa vann kvinneklassa i London med tida 2:15:41.
– Ho er jo ein av dei som spring ufatteleg fort på andre distansar, men som ikkje heilt har knekt maratonkoden. Og det er klart det blir veldig langt til mål om du i tillegg skal slite med blodblemme og andre ting, seier Kristian Ulriksen.
Supermosjonist Ulriksen har vore fast med på NRK-podkasten «I det lange løp» i lag med Jann Post.
HUDA LOSNA: McColgan deler bilde av foten på sosiale medium.
Foto: Skjermdump Instagram / @eilishmccolganAnbefaler å teste skoa
NRKs friidrettskommentator Jann Post fortel at det ikkje er uvanleg å oppleve slike ting når ein spring langt.
– Nye sko, nye sokkar eller sko ein ikkje har testa over lange distansar, kan føre til ubehag. Og i eit så langt løp kan det gje slike utslag. Ofte skjønar ikkje løparen sjølv kor ille det er før dei er i mål. Ein merkar at det er vondt, men det at det blir gradvis verre samtidig som ein er sløva av utmatting frå den fysiske belastninga, gjer at ein blir litt nomen, seier Post.
Derfor anbefaler han ikkje folk å kome til start med noko nytt eller sko ein ikkje har testa på relevante økter.
– Maraton er ubehageleg nok i utgangspunktet. Og då er det greitt å sleppe unødige problem, seier Post.
– Blanding mellom uflaks og å vere udyktig
McColgan, som har delteke i OL sidan 2012, forklarar i sosiale medium at ho ikkje har funne svar på kvifor huda på tåa losna.
Sjølv meiner ho det ikkje hadde noko med skoa å gjere:
– Eg har brukt dei heile året til trening og konkurranse utan problem. Dei er ikkje for små, og tåneglene mine er heilt fine. Ein del av tåa mi blei rive open, og vi er usikre på kvifor det skjedde, da det aldri har vore eit problem før, skriv ho.
SUPERMOSJONIST: Kristian Ulriksen
Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / NRKUlriksen forklarar at det er mykje som kan føre til blemmer undervegs i eit maratonløp. Han forklarar mellom anna at vatn kan ha noko å seie:
– Det kan vere drikkestasjonar som gjer at du får væske i skoa, noko som gjer at du får noko gnissing. Og to og ein halv time med ein sokk som gnissar mot ei tå, kan gjere at du får ei blemme som utartar seg til å bli ei blodblemme. Slike ting kan skje.
Han fortel at det også er ein del vasspylarar som skal kjøle ned løparane undervegs.
Han er likevel ikkje sikker på om det er det som har ført til blemmene til McColgan.
– Det er vanskeleg å seie, for ho har sprunge mykje i livet sitt. Ho var jo med i OL i 2012, så ho har vore toppidrettsutøvar heile livet. Men du kan jo seie at det er ei blanding mellom uflaks og å vere udyktig. Men det er òg sånt som kan skje.
Publisert 30.04.2026, kl. 13.02














English (US)