Stansa korøvinga: – Kom dokker ut, det brenner!

1 month ago 12



– Eg har jo vore med å sløkkje nokre brannar tidlegare. Det var rett nok ein god del år sidan, men det er barnelærdom for oss brannfolk.

For den tidlegare branningeniøren André Vermedal blei fiskestong bytta ut med brannslange laurdag.

Saman med ein hyttenabo nytta han finvêret til å fiske frå kaien, då naboen gjorde han merksam på at det kom røyk frå eit av bygga bak dei.

Det brann kraftig i kontorbygget som tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk på Onarheim på Tysnes laurdag.

Vermedal skjønte raskt kva som skjedde, og varsla 110-sentralen med ein gong.

– Eg såg på den mørkegrå røyken at dette ikkje var damp, det måtte vere brann.

Varsla Tysnes kammerkor

Med 110-sentralen på videolink gjekk Vermedal mot brannen for å sjekke om det var folk i bygga.

– Det viktigaste var å få folk ut. Det er det første som står i hovudet på meg.

Mykje røyk og brann i ei rekke bygg ved sjøkanten. Brannbil på staden.

Brannen spreidde seg fort i bygga som stod på rekke. Sju av dei åtte bygga vart råka av brannen.

Foto: André Vermedal

Gjennom panoramavindauga i eit av bygga såg han eit kor.

Tysnes kammerkor hadde øvd uforstyrra av brannalarmen, og hadde ikkje merka brannen som utvikla seg i nabobygget vegg i vegg.

Brann hos Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Trass sløkkingsarbeidet spreidde brannen seg fort til nabobygga.

Foto: Marthe Macody Tufte Lund / Bladet Tysnes

– Eg banka på ruta og sa «Kom dykk ut, det brenn, det brenn!». Dei hysja litt på meg først, men eg banka berre endå meir og endå hardare.

Etter å ha sørgd for at bygget vart tømt og brannalarmen utløyst, tok neste tanke over hjå Vermedal – å sløkke brannen.

– Håplaus oppgåve

Med 110-sentralen på videolink fekk Vermedal seg opp i andre etasje på bygget det brann i med brannslange. Der kom gamal yrkeskunnskap godt med.

– Eg gjekk heilt ned på kne, slik eg er opplært til, så røyken kunne gå over meg. Med ein gong eg opna altandøra til der det brann, kvelva røyken inn.

Bilete etter sløkkingsarbeidet viser store skader på bygga på Omarheim.

Fem av dei sju bygga som vart råka av brannen er totalskadde.

Foto: Olav Røli / NRK

Etter ti minutt bad brannvesenet han om å avslutte og kome seg ut.

– Det var mykje røyk. Eg hadde jo berre kjeledress, ikkje røykdykkarutstyr eller ansiktsmaske eller nokon ting, så eg kunne ikkje halde fram.

Vermedal seier han er overraska over kor fort brannen utvikla seg.

– Det var ei håplaus oppgåve, for min del, seier han.

Fem av åtte bygg totalskadde

Mannskap frå tre stasjonar var involvert i sløkkingsarbeidet, og Kystvakta deltok med båtar.

Det tok fleire timar å få kontroll på brannen, som spreidde seg til sju av dei åtte bygga på rekka.

Politibil foran branntomta på Omarheim på Tysnes

Politiet undersøkjer framleis brannårsaka.

Foto: Olav Røli / NRK

Fem av dei vart totalskadde i brannen.

– Dette er ein storbrann. Me er ikkje rigga til å handtera ein slik storbrann åleine over tid, så me er heilt avhengige av samarbeid med nabobrannvesena, seier brannsjef i Tysnes Torfinn Kongsnes til NRK.

Bygga var under oppføring, og skulle nyttast til kontorbygg av eit oppdrettsselskap.

Eigarselskapet Alsaker Fjordbruk ikkje å kommentere brannen til NRK.

Vest politidistrikt vil ha krimteknikarar på staden utover i veka.

For André Vermedal blei storbrannen på Tysnes ei påminning om kva som er viktigast:

– Det er ei oppleving ein skulle vore forutan, men samtidig så er eg iallfall glad for at eg fekk evakuert ut alle menneska. Det er klart, store verdiar gjekk tapt, men ingen menneskeliv, heldigvis.

Publisert 25.03.2025, kl. 05.16

Read Entire Article