– Dette er skuffande. No har dette vore et maraton i åtte år.
Det seier Eirik Lundby.
Etter ei hard treningsøkt i regi av U.S. Marine Corps vart han sjuk.
Etter fleire avslag på søknad om yrkesskadeerstatning fekk han medhald i Oslo tingrett: han skulle få erstatning for skaden.
Men staten anka avgjersla til Borgarting lagmannsrett.
Og dei snudde om på saka. No får ikkje Lundby erstatning likevel.
Eirik Lundby har flytta heim til Rælingen. Han kan ikkje lenger jobbe som yrkessoldat.
Foto: PrivatSju år med avslag
Lundby fekk store skadar etter treningsøkta, der han og rundt 30 andre soldatar vart bedne om å gjennomføre ei treningsøkt han har beskrive som mykje tøffare enn treninga dei var vande til.
– Det var veldig høg intensitet på det vi gjorde, seier Lundby.
Soldatane fekk beskjed om å ta 100 knebøy, 90 armhevingar, 80 hang ups, 72 burpees, 60 rygghev og 50 situps.
– I kvar pause måtte vi stå i armheving-posisjon.
Lundby medan han jobba i Forsvaret.
Foto: PrivatLundby pressa seg gjennom, men vart svært støl etter økta. Etter ein time hos militærlegen vart han innlagt på intensivavdelinga ved UNN Narvik.
Der han fekk påvist rabdomyolyse, ein sjukdom som skuldast øydelegging av store mengder muskelceller, som mellom anna kan føre til akutt nyresvikt.
Lundby har forsøkt å få det godkjent som ein yrkesskade, og søkte om erstatning frå Nav og Statens pensjonskasse fleire gonger, men fekk avslag gong på gong.
Slik gjekk det for seg i sju år.
Så saksøkte han staten.
For å illustrere kva ein «hang up» er, her er ein kandidat som gjer øvinga under befalsopptak på Kjevik i 2011.
Foto: Stian Johansen / Forsvaret– Ikkje karrierefremmande å gje opp
Oslo tingrett dømde staten, ved Statens pensjonskasse, til å betale Lundby 147.134 kroner.
Borgarting lagmannsrett har no gitt staten medhald, og dømd Lundby til å betale totalt 194.228 kroner i sakskostnader til Statens pensjonskasse.
– Eg meiner dommen berar preg av manglande forståing for korleis det er å vere på kurs i Forsvaret.
Lundby fortel at han saknar arbeidet som yrkessoldat.
Foto: PrivatStaten meiner Lundby burde gitt seg under øvinga, ifølgje dommen:
– Beskjeda var at øvingane skulle gjennomførast «så raskt du klarer». Lundby gjennomførte sjølv om han kjente at kroppen ikkje responderte som han skulle.
Lundby fortel at ein ikkje nødvendigvis føler at ein kan gje opp undervegs i eit kurs ein vart beordra til å gjennomføre.
– Det kjennest som at eg blir straffa for å gjere det eg vart bedt om.
Ikkje normal trening
Vidare står det at staten meiner yrkesmilitære må tole langt høgare risiko enn dei aller fleste andre yrkesgrupper.
– Staten sa at rabdomyolyse var normalt i Forsvaret det året. Nei, det var ikkje normalt i min avdeling. Vi dreiv ikkje med slik trening, verken før eller sidan, som eg har vore med på.
I retten argumenterte Lundby for at økta ikkje ville blitt godkjent som ei anbefalt øving etter reglene til Hæren.
Det same gjorde Thomas Valnes, seksjonssjef for menneskeleg yteevne i Forsvaret. Han vart kalla inn som vitne, også da saka gjekk for Oslo tingrett.
– Det bør vere nok for å seie at økta ikkje var «normal». Eg synest det er rart at retten verkar å ha oversett dette, seier Lundby.
Lundby fortel at det slitsamt å halde fram i kampen mot staten. Det er ei prinsippsak, seier han.
Foto: PrivatLagmannsretten skriv:
– Partane er einige om at treningsøkta ikkje hadde noko fornuftig formål om å auke styrke og uthald og gjere deltakarane i stand til å tole ekstreme belastningar.
Dermed meiner dei at treningsprinsippa til Forsvaret ikkje kan vektleggjast som bevis.
– Reglane er svært strenge
Statens pensjonskasse representerast av regjeringsadvokat Andreas Hjetland.
– Vi anket tingrettens dom fordi vi mente spørsmålet om arbeidsulykke var vurdert feil. Sjølv om treningsøkta Lundby deltok på var hard, var øvelsene velkjente og han hadde full kontroll med utførelsen av økta. Da er vårt syn at det ikkje ligg føre ein arbeidsulykke, og det var lagmannsretten einig i, seier han.
Andreas Hjetland representerer staten, ved Statens pensjonskasse. Her får ei anna sak.
Foto: Vidar RuudEtter runden i Oslo tingrett sa han til NRK:
– At Lundby vart skadd under treningsøkta og framleis har smerter som følge av dette, er det ingen tvil om. Men reglane for å få godkjent ein yrkesskade er svært strenge og vi meiner tingretten legg for stor vekt på vitneutsegna frå Thomas Valnes.
NRK har tidlegare kontakta U.S. Marine Corps Forces, Europe and Africa. Dei vil ikkje kommentere saka.
Tek kampen for andre
Lundby opplever det som stressande å framleis halde fram med saka, men han meiner det kan ha betydning for fleire enn han sjølv.
– Eg synest det er trist at det er nødvendig å ta denne kampen.
No vurderer han å anke til Høgsterett.
– Det er jo eit trongt nålauge å få saka opp hos dei, men fagforeininga mi seier samstundes at dette er ei prinsippsak. Og eg er sjølv interessert i å ta dette vidare.
Regjeringa har nyleg foreslått å utvide lista over skadar og sjukdommar som reknast som yrkesskade.
Det skal også gjelde for yrke med mykje trening og øving, som i beredskapsyrke.
Målet deira er at ei ny yrkessjukdomsliste skal gjelde frå 1. januar i 2027.
Venta sensur og dom samstundes
Rettssaka i Borgarting lagmannsrett vart sett midt i innspurten på bacheloroppgåva.
– Det vart, som venta, ein stressande periode. Eg hadde håpa å sleppe ein kollisjon mellom dei to.
Lundby studerer fred og konflikt. Han tek studiet som følgje av at han ikkje lenger kan jobbe som yrkessoldat, grunna dei varige skadane han fekk etter treningsøkta.
I dag bur Eirik Lundby i Rælingen.
Foto: PrivatNo har han samstundes venta både sensur på bacheloroppgåva og dommen frå Borgarting lagmannsrett.
– No slepp eg i alle fall å grue meg til å få dommen.
Så gjenstår sensur på oppgåva.
– Det håpar eg blir meir positivt, seier Lundby.
I tida framover vil Lundby fortsette å trene for å bli friskare, og etter kvart forsøke å komme seg ut i arbeidslivet igjen.
Publisert 06.06.2026, kl. 18.30
















English (US)