Staten utset krav om refleksbelte etter protestar

3 hours ago 3



Slik ser det ut når ein vindturbin får eit refleksbelte rundt kroppen.

Det signalgule magebeltet er det første i sitt slag i landet, og etter planen skulle 1391 «nakne» vindturbinar få same uniform innan utgangen av 2025.

Det var nemleg kravet til luftfartsmyndigheitene, som ønsker seg meir synlege vindturbinar av omsyn til flysikkerheita.

Men no er magebelte-fristen utsett – etter protestar frå kraftbransjen.

Ein gjennomgang av høyringssvara viser at argumentasjonen går langs fleire spor:

  • Magebelta kjem i tillegg til lysmerking, og tilfører lite
  • Merkinga er dyr og kostar meir enn ho smaker
  • Merkinga er teknisk krevjande, godt hjelpt av vêr og vind
  • Kapasiteten til å montere magebelta er avgrensa
  • Regelverket er «forvirrande», «uklart» og «inkonsistent».

På toppen gjer Fornybar Noreg eit poeng av at «skrikande» refleksvestar ikkje harmonerer med konsesjonsvilkåret om at vindturbinar skal vere kvite eller lysegrå.

  • Nærbilde av en vindturbin

    Her ser du det første magebeltet med reflekterande materiale som er montert.

  • Turbinane på Vardafjell i Sandnes har raude band grunna nærleiken til Sola flyplass, men desse har ingen reflekterande effekt.

    Turbinane på Vardafjell har raude band grunna nærleiken til Sola flyplass, men desse har ingen reflekterande effekt.

  • En gruppe vindturbiner

    Myndigheitene har utsett fristen for å merke 1392 vindturbinane med refleksvestar.

Magebelte-fristen utsett i to år

I eit svar til Fornybar Noreg skriv Luftfartstilsynet at dei utsett magebelte-fristen til 31. desember 2027.

I mellomtida skal partane finne fram til ei løysing som alle kan leve med.

Så langt er derfor vindturbinen på Guleslettene utanfor Florø den einaste «påkledde» i klassen.

Ifølge Eviny, som eig vindparken, blei rekninga mykje høgare enn venta: 1 million kroner.

Vi planla å montere fleire magebelte, men vidare arbeid er sett på pause på grunn av dei høge kostnadene, skriv fagleiar for vindkraft i selskapet, Stig-Magne Svalheim, i eit høyringssvar til Luftfartstilsynet.

Han skriv vidare at det som skulle vere éin dagsjobb i praksis tok to veker, og at dette «kan bli representativt for montasjen av slike magebelte».

  • en person som har på seg en gul jakke og hjelm

    Eviny

    Stig-Magne Svalheim, fagleiar for vindkraft i Eviny

    Utan grundigare vurderingar av proporsjonalitet som viser at det er nødvendig, meiner vi at kravet om magebelte ikkje bør innførast.

  • Bård Vegard Solhjell i Norad

    Bård Vegar Solhjell, direktør i Fornybar Norge

    Dei foreslåtte endringane påverkar investeringar i fornybar energi som er gjord i tillit til stabile rammevilkår. Det auka kostnadsnivået får konsekvensar for utvikling av nye og marginale prosjekt som skal bidra til Noregs klima-, energi- og industrimål, og den auka visuelle forureininga for naboar gir negativ påverking på aksepten for energianlegg.

  • Magebelte-krav på vindturbinar skaper bråk

    Staten utset krav om refleksbelte på vindturbinar

    Luftfartstilsynet har gått med på å utsette og revidere «magebelte-kravet».

  • Lars Johan Sivertsen

    Lars Johan Sivertsen, prosjektutviklar i SFE

    Vi forheld oss til regelverket og er budd på å ettermontere ny merking om det blir påkravd. Vi støttar oss forøvrig til Fornybar Norge sine synspunkt.

  • Simen Follesø Røiseland,

    Simen Follesø Røiseland, Norsk flygerforbund

    Vi har ikkje levert høyringsinnspel. Det er fordi vi meiner det spelar avgrensa rolle om vindmøllene er merkte med lys eller anna merking, så lenge sikkerheita er varetatt, og at det ikkje er til unødvendig sjenanse for bebuarar i områda.

– Ønskeleg om kravet om magebelte fell bort

Om monteringa på dei resterande vindturbinane blir like omfattande, vil totalrekninga komme på 1,39 milliardar kroner.

Svalheim konkluderer:

Utan grundigare vurderingar av proporsjonalitet som viser at kravet om magebelte er nødvendig, meiner Eviny at det ikkje bør innførast.

Tilsvarande ordlyd går igjen i eit brev frå Landssammenslutninga av norske vindkraftkommunar (LNVK) i eit brev til energiministeren:

– Det er ønskeleg om kravet om merking av vindturbinar med magebelte fell bort.

På Guleslettene er 15 av 47 vindturbinar merkte med lys på toppen av hovudet. I utgangspunktet skulle dei same 15 ha to reflekterande magebelte «på mellomliggande nivå» innan utgangen av 2025.

Kva som blir det nye og reviderte kravet, står att å sjå. Luftfartstilsynet svarer at dei skal gå gjennom alle innspela.

Høyringsfristen gjekk ut 17. oktober.

Lars Kobberstad

Direktør i Luftfartstilsynet Lars Kobberstad ønsker seg meir synlege vindturbinar av omsyn til flysikkerheita.

Foto: Luftfartstilsynet

Publisert 28.10.2025, kl. 22.23

Read Entire Article