Vil auke kulturbudsjettet: – Har stor betydning, også i krevjande økonomiske situasjonar

4 hours ago 3



– Kultur har stor betydning, også i krevjande økonomiske situasjonar, seier Trond Åm (V), byråd for kultur, idrett og friluftsliv i Trondheim kommune.

Når byrådet legg fram sitt budsjettforslag torsdag, er det med ei auking på 21 millionar kroner til kultur i 2026.

Det skjer etter at kommunen i lengre tid har vore i ein utfordrande økonomisk situasjon.

– Me fekk til ei lita styrking i fjor, eit år då 44 prosent av kommunane i landet gjorde kutt i kulturbudsjetta sine, seier Åm.

– Me har prøvd å tenke motsett eigentleg: At det også i motbakke er viktig å vise kor sentralt kultur faktisk er for folk.

Kommunar kuttar i kultur

Ein rapport frå Telemarksforsking viste at 44 prosent av dei spurde kommunane kutta i kulturbudsjettet frå 2024 til 2025.

I mange kommunar er den økonomiske situasjonen krevjande og KS meiner kommuneøkonomien no er på sitt svakaste på 40 år.

Da er kultur ein av stadane det kan bli kutta.

– Det som er kulturpolitikken sin svakheit er at den i liten grad er omfatta av lovpålagde oppgåver, seier Åm.

Han peiker på at staten pålegg kommunane å gjennomføre andre oppgåver på felt som helse og utdanning.

– Kulturen er ikkje beskytta på same måte.

I Oslo har byrådet lagt fram eit budsjettforslag der dei skal spare 1 milliard kronar i 2026. Der har byrådet mellom anna varsla kutt i bibliotektilbodet.

– Oslo står midt i ein krevjande økonomisk situasjon som gjer det naudsynt å kutte i budsjetta på alle område – også kulturfeltet, seier byråd for kultur og næring i Oslo, Anita Leirvik North (H).

Ho fortel at biblioteka er blant dei tenestene som får mindre kutt enn andre.

– Samstundes veit me at kultur spelar ei viktig rolle i folks liv – ikkje minst for barn og unge. Vi står fast ved at kultur ikkje er ein luksus, men ein nødvendigheit, særleg for våre yngste innbyggjarar.

Kulturprotest i Bergen

Kulturarbeidarar demonstrerte mot kutt i budsjetta utanfor rådhuset i Bergen i fjor.

Foto: Kari Nygard Tvilde

I Bergen blei det i fjor kutta i fleire støtteordningar for kunstnarar, noko som skapte sterke protestar frå kulturmiljøet i byen.

Også i år skal kommunen kutte til saman 400 millionar kronar, men i budsjettforslaget er et likevel ei lita auking 3,5 millionar i kulturbudsjettet.

– At kulturbudsjettet for 2026 går noko opp skuldast at det i år prioriterast færre kutt og fleire aukingar innan kultur enn i fjor, noko eg er stolt over at me får til, seier byråd for næring, kultur og idrett i Bergen, Reidar Digranes (Sp).

Krevjande økonomiske tider

– Det er krevjande økonomiske tider for norske kommunar, og det gjeld også Trondheim.

Det seier byrådsleiar Kjetil Reinskou (H).

– Når økonomien blir trong er ofte kulturbudsjettet det som kuttast i først. For byrådet mitt er det eit sjølvstendig poeng å vise at det ikkje treng å vere slik, så lenge ein prioriterer riktig.

Finansbyråd Kjetil Reinskou (H) i Trondheim kommune forklarer hva Ski-VM koster kommunen.

Det gjenstår å sjå om Kjetil Reinskou og hans byråd får fleirtal for budsjettforslaget dei legg fram på torsdag.

Foto: Morten Waagø / NRK

Byrådet i Trondheim legg fram budsjettforslaget for bystyret torsdag. Der kan det vente krevjande forhandlingar for å få budsjettet vedtatt.

– Heile budsjettet må sjåast i samanheng, seier Mona Berger i Trondheim SV.

Ho ønsker ikkje å kommentere aukinga byrådet foreslår før budsjettforslaget blir lagt.

Også gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Trondheim, Jørn Arve Flått, ønsker å sjå budsjettet i sin heilskap før han kommenterer forslaget.

Rådhuset Trondheim kommune,

Dersom byrådet får det som dei vil kan det bli meir pengar til kultur i Trondheim neste år.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Meiner det er viktig med kultur i ei utrygg tid

Det er ikkje berre Trondheim kommune som vil bruke meir pengar på kultur.

Regjeringa vil auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner.

Kulturminister Lubna Jaffery meiner det er viktig med meir kunst og kultur i ei utrygg tid, der ein i mange andre land ser autoritære krefter på frammarsj.

– Vi meiner det er viktigare enn nokon gong å legge til rette for eit ope ordskifte, kunstnarisk fridom, frivilligheit og inkluderande fellesskap både i kulturen og idretten, seier kultur- og likestillingsministeren.

Dans, musikk- og scenekunstinstitusjonar, museum, frivilligheit, ytringsfridom og utvikling av KI er nokre av felta regjeringa har valt å prioritere.

Publisert 28.10.2025, kl. 21.42

Read Entire Article