Det er mykje nynazistisk ideologi ikkje har forstått om vikingtida

3 hours ago 1



Erling Braut Haaland feirar scoringar ved å sitja i meditasjons-stilling. Det har lite med vikingtida å gjera (bortsett frå eit lite beslag på ei bøtte funne i Oseberghaugen med ein mann i lotus-stilling, skriv Kristin Armstron-Oma. Foto: Arkelogisk museum, Universitetet i Stavanger

Det er mykje nynazistisk ideologi ikkje har forstått om vikingtida. Det å dra i viking og ha vikingtidentitet var ikkje eksklusivt skandinavisk.

Publisert: 30.06.2026 13:35

Herrelandslaget i fotball herjar på banen i VM og skaper både begeistring, bølgjer og furore med trøyer med runeinspirert skrift og sitt fotoshoot kledt som krigarar på vikingtokt. Sannsynlegvis er dei stasa opp på ein måte som er langt frå korleis folk i vikingtida ville ha gått rundt til vanleg, men så er det jo trass alt ikkje vanleg at Noreg kjem til fotball-VM.

Slagordet “The Vikings are coming” er omfamna av fanskaren som ror både på tribunane og på Times Square. Til og med kronprinsbarna ror, og for mange har det blitt ein skikkeleg kul greie.

Andre oppfattar fotballvikingen som ikkje berre provoserande, men nesten farleg, og ord som “hypermaskulinitet” og “griseharry” svirrar i eteren. Å skulda dei “nye” vikingane for å lefla med nynazisme og kvit superioritet er etter mi meining ikkje innafor. Det er ei grunnleggande misforståing av fenomenet.

Viking var dermed ikkje ein etnisk identitet, men var noko ein gjorde — det å dra i viking var å dra på tokt.
Landslaget liker å kle seg som vikingar. Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Ikkje folkegruppe

Som arkeolog og leiar for ein institusjon som forvaltar, forskar på og formidlar det me kan kalla for vikingarven, synest eg det er fabelaktig at herrelandslaget leiker seg med viking-identiteten. Og eg synest dei bruker viking-identitet på heilt rett måte. Viking blir ofte brukt i populærkultur som namn på ei folkegruppe, men det er eigentleg ikkje korrekt.

Det er nemleg mykje nynazistisk ideologi ikkje har forstått om vikingtida. Det å dra i viking og ha vikingtidentitet var ikkje eksklusivt skandinavisk, ein måtte ikkje vera høg, blond og blåøygd.

Norrøn vikingidentitet var inkluderande, med ei god blanding av opphav i Skandinavia i vikingtida. Viking var dermed ikkje ein etnisk identitet, men var noko ein gjorde — det å dra i viking var å dra på tokt. Og det er jo nettopp det fotballgutane gjer. Dei dreg på tokt til USA — eller Vinland, som det amerikanske kontinentet vart døypt av dei som drog dit i vikingtida. Sjølvsagt med håp om å koma heim med gull og heider etter frekke scoringar.

Å skulda dei “nye” vikingane for å lefla med nynazisme og kvit superioritet er etter mi meining ikkje innafor. Det er ei grunnleggande misforståing av fenomenet

Fotball er i seg sjølv ei foredling av samfunn prega av trefningar og raid mellom stammar leia av småkongar, slik som i vikingtida. I vårt moderne samfunn er denne tendensen opphøyra til ufarleg og ikkje-destruktiv folkesport. Stammekrig blir spelt ut i kontrollerte former.

Eigen estetikk

Fotball-vikingen og vikingtida er to åtskilde fenomen og linken mellom dei er retorisk heller enn reell. Det blir på mange måtar meiningslaust å påpeika at ekte vikingar kledte seg i silke og fargerike, prangande tøy heller enn at dei var halvnakne, ikledd steinalder-aktig rufsete pels. Den nye fotballvikingen skaper sin eigen estetikk.

Fotballvikingen rir ei stemning og ei tidsand og er sitt eige fenomen. Ideen om toktet, styrken, det å stå fremst i skipet og kjenna vinden i håret — alt dette representerer ei kjensle og ei haldning. Estetikken til fotballvikingen har svake band til den faktiske materialiteten i vikingtida i arkeologisk forstand. Og det er heilt ok. Ved å bruka og vidareutvikla vikingarven er han ikkje ein forsteina artefakt, men lever leikent vidare som ein del av kulturarven vår som bringar fortida inn i framtida, og vidareutviklar vår nasjonale identitet.

Erling Braut Haaland feirar scoringar ved å sitja i meditasjons-stilling. Det har lite med vikingtida å gjera (bortsett frå eit lite beslag på ei bøtte funne i Oseberghaugen med ein mann i lotus-stilling), men blir ein del av identiteten til fotballvikingen. Og det inspirerer. Og flytter målstreken for kva den nye vikingarven kan bera.

Noregs Erling Haaland etter 0—1 målet under fotballkampen i VM 2026 mellom Irak og Norge på Boston stadion. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Populariteten til vikingflørten til landslaget og dei norske supporterane viser at fenomenet viking har ein global appell — og det opplever me på Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger kvar dag. I ein kort periode då me ikkje hadde ei eiga utstilling om vikingtid så var det folk som snudde i døra. Internasjonale som lokale gjester kjem for å oppleva fenomenet viking — kanskje meir som ein tilstand enn som ein historisk epoke.

Viking er vår norske merkevare ute i verda. Som forskingsinstitusjon er dette ei gåve til oss — men det utfordrar. Fordi viking-fenomenet som feier gjennom populærkulturen er ikkje alltid i tråd med det narrativet som både arkeologiske funn og historiske kjelder faktisk støtter. Me riv oss stadig i håret over hjelmar med horn. Og kvinners høge status i samfunnet må stadig påpeikast, sjølv om akkurat dette er i ferd med å få litt sterkare fotfeste.

Alle høyrer til

Det at visse trekk ved norrøn kultur vart misforstått og brukt av nazistane under annan verdskrig, og av høgreradikale krefter, må ikkje stoppa oss frå å både utforska og leika oss med denne spanande delen av vår historie.

Viking er vår norske merkevare ute i verda. Som forskingsinstitusjon er dette ei gåve til oss — men det utfordrar

Sjølv om krefter på ytre høgresida tatoverer seg med krigarar med hjelm med horn så veit me betre enn å la dei ta eigarskap til vikingarven. Me må ta vikingarven tilbake, fordi ho tilhøyrer oss alle. Og det er nettopp det eg tykkjer herrelandslaget gjer.

Landslaget består av spelarar med kompleks, etnisk arv som alle er norske og alle høyrer til i Noreg. Det betyr at me som samfunn strevar etter å vera like inkluderande som vikingane for 1200 år sidan var — det å dra i viking er og var ein mental tilstand.

Kristin Armstrong-Oma er direktør ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, og professor i arkeologi.

Read Entire Article