Statsforvaltar: - Ikkje naturleg å ta del i den politiske debatten

2 hours ago 1



Statsforvaltaren i Agder har fått kritikk for å ha oppheva fleire vedtak om å bygge i strandsona.

Eit fleirtal på Stortinget vil no be Statsforvaltaren avslutte dette arbeidet. Saka kjem til Stortinget fredag.

Statsforvaltar Gina Lund seier i ein uttale at ho ikkje vil gå inn i nokon debatt om saka.

– Det er ikkje naturleg for Statsforvaltaren å ta del i den politiske debatten rundt representantforslaget i Stortinget i morgon, står det i ein e-post som mellom andre NRK har teke imot.

NRK har spurt Statsforvaltaren om kva som skjer med saka som ikkje er avgjort. Statsforvaltaren har så langt ikkje kommentert dette

Statsforvaltaren har også blitt kritisert for å ha avgjort fleire saker like før Stortinget skulle gjere sitt vedtak.

Dette kommenter Gina Lund på denne måten:

– Det er viktig å for meg å få sagt at dei sakene ein har vurdert for lovlegheitskontrollar heile tida har vore planlagt ferdig behandla før sankthans og dette var i tråd med det vi gjorde greie for 10. mars.

Read Entire Article