Statsråden held Telenor-dokument hemmeleg: – Arrogant!

1 hour ago 1



– Eg trur næringsminister Cecilie Myrseth har gjort ei svært uklok vurdering.

Det seier Amundsen etter at han har brukt helga på å lese. Det er gått éin månad sidan kontroll- og konstitusjonskomiteen sende over 31 spørsmål til regjeringa. Dei gjekk til statsministeren, næringsministeren og utanriksministeren. Alle handla om Telenors framferd i Myanmar. Kva visste regjeringa om Telenors samarbeid med det brutale militærregimet i landet?

Svara kom på fredag. Og etter lesestunda i helga, grin Per-Willy Amundsen på nasen.

«Eit fikenblad»

– Regjeringa går svært langt i å skjule seg bak eierskapslovgivninga, seier Amundsen.

Det er denne som regulerer korleis staten skal opptre i selskap der han eig store aksjepostar. Som for eksempel i Telenor. Staten kontrollerer 60 prosent av selskapet.

Nå meiner Amundsen at regjeringa bruker lova som eit «fikenblad» for å skjule den nakne sanninga i saka.

Per-Willy Amundsen

Per-Willy Amundsen (Frp)

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

For når det gjeld sjølve dialogen mellom Telenor og departementet, set næringsministeren seg på bakbeina. Politikarane får ikkje innsyn i kva Telenor og departementet har snakka om. Og dei har snakka mykje. Ifølge svaret frå Næringsdepartementet hadde dei «fleire titals møte og kontaktpunkt» etter kuppet i Myanmar.

Tynne greier

– Det er verkeleg utfordrande at næringsministrar nektar komiteen meir innsyn i dialogen med Telenor. For det betyr i realiteten at regjeringa hindrar komiteen i å gjere sitt kontrollarbeid av regjeringa.

– Korleis da?

– Eg meiner at statsråden på relativt arrogant vis avviser Stortingets førespurnad om innsyn i styringsdialogen. Det er det same som å utfordre Stortinget.

Amundsen viser til at regjeringa er forplikta av menneskerettane.

– Menneskerettslege omsyn vil alltid gå føre lovgiving på enkeltområde.

Næringsminister Cecilie Myrseth i dagsrevyen om USAs tollsats mot EU på 25 prosent.

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap)

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

– Komiteen har fått 26 sider med svar og over 800 sider med vedlegg. Er ikkje det bra nok?

– Det er ganske tynne greier. Vi har 836 sider med relativt lite relevante opplysningar. Men dei viktigaste tinga, har vi ikkje fått innsyn i. Her handlar det først og fremst om å få enda fleire fakta på bordet. Da er oppfordringa mi til næringsminister Cecilie Myrseth at ho kanskje ikkje burde utfordre Stortinget på dette.

– Held ikkje

Amundsen får støtte frå komitémedlem Lars Haltbrekken (SV). Han synest ikkje at regjeringa har svart skikkeleg på spørsmåla.

– Dette er ei svært alvorleg sak. Vi må få innsyn i den såkalla eigardialogen, seier Haltbrekken til NRK.

Lars Haltbrekken fra SV som smiler til kameraet. I bakgrunnen kan du se Stortinget.

Lars Haltbrekken (SV)

Foto: NRK

Det meiner også komitémedlem Julie Stuestøl frå MDG.

– Det held ikkje å vise til avgrensingar i eierskapslovgivninga. Vi må få innsyn i dialogen mellom Telenor og departementet. Dette er sak vi kjem til å bruke mykje tid på framover.

Blir det høyring?

Per-Willy Amundsen ser ikkje bort frå ei open høyring i Stortinget om Telenor-saka.

– Det blir halde tilbake informasjon. Dersom det fortset, så er det klart at det peikar i retning av at vi opprettar sak. Deretter også høyring. Jo meir motstand vi får frå departementet, jo større er sjansane for dette.

Næringsdepartementet er presentert for kritikken frå Amundsen og dei andre komitémedlemmene. Statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad seier det er viktig at dialogen mellom departementet og Telenor kan haldast fortruleg.

Statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) i Klima og miljødirektoratet

Statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap)

Foto: Trond A. Isaksen

– Både av forretningsmessige omsyn, men også av omsyn til det interne arbeidet. Ting må bli verande i regjeringa for at vi skal kunne jobbe godt, seier ho til NRK.

Publisert 24.11.2025, kl. 22.40

Read Entire Article