I 2010 blei verda ramma av ein av dei verste oljekatastrofane i historia.
Oljeriggen Deepwater Horizon eksploderte i Mexicogolfen, og 11 personar omkom.
Bilda av den brennande riggen gjekk verda rundt.
Båtar prøver å sløkkje brannen på oljeriggen Deepwater Horizon i 2010.
Foto: AFP
Båtar prøver å sløkkje brannen på oljeriggen Deepwater Horizon i 2010.
Foto: AFP
I månadene som følgde strøymde fleire hundre millionar liter råolje ut i havet. Norske skip blei tilkalla, og over 70 norske sjøfolk jobba dag og natt for å stanse utsleppet.
NRK har over fleire månader granska arbeidsforholda til dei norske sjøfolka som deltok i oppryddingsarbeidet etter Deepwater Horizon-katastrofen.
Mens dei var der blei det målt etter helsefarlege gassar for å dokumentere kva dei pusta inn. I dag, 16 år seinare, lurer sjøfolka framleis på kva dei pusta inn.
Nokre av sjøfolka mistenker at helseplager dei har i dag stammar frå arbeidet i golfen, viser NRKs undersøkingar.
Nå tar regjeringa grep.
Fleire skip låg i oljesølet i Mexicogolfen etter Deepwater Horizon-ulykka, blant dei seks norske fartøy.
Foto: LEE CELANO / Reuters / NTB
Fleire skip låg i oljesølet i Mexicogolfen etter Deepwater Horizon-ulykka, blant dei seks norske fartøy.
Foto: LEE CELANO / Reuters / NTB
Vil ha alle fakta på bordet
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) kjem ut av kontoret sitt i det nye regjeringskvartalet.
Ho reagerer på fleire ting som NRK har dokumentert.
– Informasjonen kan tyde på at handteringa er verd å sjekke opp. Ein kan sette spørsmålsteikn ved ein del av forholda som er avdekte.
Ho vil ha alle fakta på bordet.
– Eg vil ha så mykje informasjon som mogleg. Derfor ber eg Sjøfartsdirektoratet følge opp, seier ho.
Ein oljedekt fugl kjempar langs sida av eit skip etter Deepwater Horizon-ulykka. Oljeutsleppet i Mexicogolfen fekk store miljøkonsekvensar som pregar golfen den dag i dag.
Foto: AP
Ein oljedekt fugl kjempar langs sida av eit skip etter Deepwater Horizon-ulykka. Oljeutsleppet i Mexicogolfen fekk store miljøkonsekvensar som pregar golfen den dag i dag.
Foto: AP
I eit brev får direktoratet i oppdrag å evaluere Deepwater Horizon-handteringa innan 1. august.
Direktoratet blir bede om å gå gjennom spesielt fire punkt:
- Forklare korleis dei blei involverte og kva som er rolla til direktoratet når norske skip deltar i slike oppgåver i utlandet.
- Gå gjennom regelverket, inkludert om det gjeld særlege reglar for å verne sjøfolk som kan bli eksponerte for helsefarlege stoff.
- Oppgi på kva måte det blir ført tilsyn med at regelverket blir overhalde av reiarlaga, og om det blei avdekt avvik under tilsyn på dei aktuelle skipa.
- Vurdere om det er mogleg å innhente informasjon frå reiarlaga om kva sjøfolk som var involverte i arbeidet, og om nokon av dei kan ha fått helseplager som kan settast i samanheng med arbeidet.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) seier ho vil jobbe for å sikre at alle som jobbar på havet har det tryggast mogleg.
Foto: Christer Aasheim / NRK
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) seier ho vil jobbe for å sikre at alle som jobbar på havet har det tryggast mogleg.
Foto: Christer Aasheim / NRK
– Det er vanskeleg å seie kva dette vil munne ut i, men eg er opptatt av å få meir kunnskap, gå gjennom handteringa i 2010 og dessutan oppfølginga i åra etterpå, seier ho.
– Fortener svar
På Stortinget er det fleire parti som etterlyser tydelegare svar på om reiarlaga og myndigheitene gjorde jobben sin i 2010.
– Sjøfolka fortener svar på kva målingar som blei gjorde, kva målingar som eventuelt manglar og kven som sit på dokumentasjonen. Det held ikkje å seie at dette er beklageleg 16 år etterpå, seier Erlend Wiborg i Frp.
Han sende eit skriftleg spørsmål til statsråden der han etterlyste ein gjennomgang av saka.
Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Erlend Wiborg, meiner alle steinar må snuast i Deepwater Horizon-saka.
Foto: NRK
Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Erlend Wiborg, meiner alle steinar må snuast i Deepwater Horizon-saka.
Foto: NRK
– Eg forventar at dette blir ein reell gjennomgang – ikkje ei skrivebordsøving. Alle steinar må snuast. Viss målingar finst, må dei fram, seier Wiborg.
– Bør få konsekvensar
NRK har prøvd å spore opp gassmålingane frå 2010. Vi har spurt reiarlaga om dei har tatt vare på desse.
Fleire reiarlag som hadde båtar i Mexicogolfen lèt vere å svare, og ingen av dei vil dele noko med NRK.
Det provoserer Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen.
– Vi krev at alle gassmålingar som blei gjorde under oljeoppryddinga, blir lagde fram i sin heilskap.
Raudt-leiar og medlem av Stortingets arbeids- og sosialkomité, Marie Sneve Martinussen.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Raudt-leiar og medlem av Stortingets arbeids- og sosialkomité, Marie Sneve Martinussen.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Ho meiner det må gjerast ein grundig gjennomgang av reiarlag og oppdragsgivarar for å avklare om informasjon bevisst er halde tilbake, og kven som i så fall har ansvar.
– Dersom det blir avdekt brot på regelverk eller tilbakehalding av kritisk informasjon, må det få konkrete konsekvensar for reiarlaga – for eksempel sanksjonar, bøter eller i alvorlege tilfelle utestenging frå oppdrag. Ingen arbeidsfolk skal måtte vere usikre på kva dei faktisk har vore utsette for, meiner ho.
– Ikkje gjort jobben sin
Ingrid Fiskaa i SV seier Deepwater Horizon-saka er veldig alvorleg.
– Dette kan vise seg å vere enda ein skamplett i norsk arbeidslivshistorie. Det som kjem fram i NRKs sak viser at norske sjøfolk har blitt utsette for skadelege arbeidsforhold, og ingen har blitt halden ansvarleg i ettertid. Sånn kan vi ikkje ha det.
Stortingsrepresentant for SV, Ingrid Fiskaa, meiner mykje tyder på at Sjøfartsdirektoratet ikkje har gjort jobben sin.
Foto: NTBFiskaa er spesielt opptatt av Sjøfartsdirektoratets rolle i saka.
– Det er mykje som tyder på at Sjøfartsdirektoratet ikkje har gjort jobben sin, seier ho.
Ho støttar initiativet til statsråden til gjennomgang.
– SV legg til grunn at Sjøfartsdirektoratet vurderer eige arbeid på ein ærleg måte, om ikkje så må nokon andre granske dette. Vi må finne ut kva som har skjedd.
– Mangelfull
Også Høgre-representant Amalie Gunnufsen synest mangelen på oppfølging av dei norske sjøfolka er vanskeleg å forstå.
– Norske sjøfolk sette helsa si på spel under ein av dei største oljekatastrofane i historia. Da er det vanskeleg å forstå at oppfølginga i ettertid ser ut til å ha vore så mangelfull – både frå reiarlaga og Sjøfartsdirektoratet. Desse arbeidarane fortener betre, seier ho.
Høgre-representant Amalie Gunnufsen.
Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRKGeir Pollestad, næringspolitisk talsperson for Senterpartiet, seier Sp er opptatt av at det skal vere trygt om bord på norske skip.
– Det er nødvendig om vi skal sikre rekrutteringa til næringa framover. Vi meiner det er viktig at Sjøfartsdirektoratet og departementet gjer det som nå er mogleg for å få fram fakta i saka – og at dei deler det dei veit offentleg.
Tips oss!
Takk for at du leste saken vår!
Vet du noe om gassmålingene fra 2010, eller har du andre tips etter å ha lest denne saken?
Vi vil gjerne høre fra deg!
Du treffer oss på e-post eller på Signal (kryptert): 93 88 67 88 (Øyvind) og 938 94 283 (Johanna)
Du kan også sende oss informasjon kryptert via Securedrop ved å klikke her.
Publisert 28.05.2026, kl. 21.39










English (US)