Stein på 500 kilo landa 20 cm frå husvegg i Ålesund

2 days ago 13



Rundt 13.40 melde politiet at ein stor stein hadde falle ned på ei trapp ved ein bustad på Lerstad i Ålesund.

– Steinen skal ha losna frå naboeigedomen, der det no føregår eit arbeid. Steinen landa berre 20 centimeter frå husveggen, seier Line Kjernli Karlsen, operasjonsleiar i politiet.

Politiet anslår at steinen veg minst 500 kilo.

Har stoppa arbeidet

Eit par skiferfliser på trappa er øydelagt.

Politiet har stoppa arbeidet på naboeigedommen inntil Arbeidstilsynet har sett på saka.

– Det skjer då resultatet kunne blitt langt verre enn det blei, seier Karlsen.

Politiet har også oppretta ei sak på hendinga.

Stein fall nær hus på Lerstad i Ålesund

Steinen skal ifølge politiet ha vore på rundt 500 kilo.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vakna av eit drønn

Huseigar Rita-Lill Heggdal er på ferie i Barcelona, men dei to barna hennar var heime då steinen fall nær husveggen deira.

– Dei vakna av eit drønn og trudde steinen kom gjennom veggen, fortel ho til NRK.

Sonen, Vegard Brunstad, fortel at han fekk ein brå start på dagen.

– Eg bråvakna av at det rista veldig. Først skjønte eg ikkje heilt kva som skjedde, for det var mykje lyd og bevegelse i huset.

Han kontakta så søstera for å finne ut kva det var som hadde skjedd.

– Steinen kunne lett ha gjort mykje meir skade. Det er ganske heldig at den trilla dit den gjorde. Det er litt skummelt.

NRK har vore i kontakt med selskapet som er ansvarlege for arbeidet. Dei har så langt ikkje kunne kommentert saka.

Publisert 20.04.2026, kl. 14.22 Oppdatert 20.04.2026, kl. 14.55

Read Entire Article