I fjor hadde Steinar Bungum (85) meir enn 10 turar til sjukehuset. Dei siste 5 månadane har han ikkje vore der ein einaste gong.
Bungum er ein av 15 såkalla VIP-pasientar i Lillehammer.
Dei er skrøpelege eldre som får tett oppfølging av eit fast helseteam frå kommunehelsetenesta og Sjukehuset Innlandet.
Det er ein del av prosjektet «Bo trygt heime». Eitt mål er at pasienten skal sleppe å reise til sjukehuset kvar gong han blir sjuk.
Nå står seks nye kommunar for tur til å plukke sine VIP-pasientar.
Helsestatsråd Jan Christian Vestre seier det er eit stort problem, at mange eldre og skrøpelege, blir kasteballar mellom kommunen og sjukehuset. -Det gjev ikkje tryggleik, det gir ikkje god helse, og det er også veldig ressurskrevjande.
Foto: William Jobling / NRKHelse og omsorgsminister Jan Christian Vestre er svært begeistra og seier betre samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta er det viktigaste Noreg kan gjere for å møte eldrebølga.
Teamet møtast til evaluering hos Steinar. Det er Cathrine Fyksen frå Sjukehuset Innlandet, Runa Sveen frå Tryggheitspatrulja og Roy. O Bekkeseth frå Sjukehuset Innlandet.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKTeamarbeid som lykkast
Prosjektleiar overlege Roy O. Bekkeseth ved Sjukehuset Innlandet seier det er teamarbeidet som gjer at dei lykkast.
I teamet er det fastlege og sjukepleiar frå kommunen og lege og sjukepleiar frå sjukehuset. Fleire kan vere med digitalt på video.
– Utan digitale løysingar hadde ikkje dette gått, det ville tatt alt for mykje tid.
Saman planlegg dei og følger behandlinga og pleia for VIP-pasienten, i lag med pasienten sjølv.
Prosjektleiar for VIP-pasientane, overlege Roy O. Bekkeseth.
Foto: Bjørnar Morønning / NRK- Stadig fleire avdelingar og sjukehus tek i bruk digitale løysingar for å følge opp pasientane. Les om Åse som tok etterkontrollen frå sofaen.
Hjelpa kjem heim i stova
Steinar Bungum seier at han føler seg mykje tryggare heime nå som han har vorte VIP-pasient. Ikkje minst på grunn av «Tryggheitspatrulja».
Den kan han kontakte når som helst, om han kjenner seg dårleg eller utrygg.
Tryggheitspatrulja er ein avgjerande del av «Bo trygt heime». To raude bilar er bemanna med sjukepleiarar døgnet rundt og har alltid med seg avansert medisinsk utstyr.
Målet med tenesta er å unngå unødvendige innleggingar på sjukehus, eller turar til legevakt.
Avdelingsleiar for Tryggheitspatrulja, Tonny Segtnan, seier dei er eit supplement til heimetenesta, for fastlegane og for legevakta.
Medan heimetenesta har pasientlister dei må følge gjennom dagen, rykker Tryggheitspatrulja ut der det trengst på kort varsel. Til alle heimebuande som kjenner seg sjuke eller utrygge, men etter tilvising frå heimeteneste eller fastlege.
Trygghetspatrulja fartar rundt i Lillehammer heile døgnet. Sjuke folk som bor heime skal vere trygge på å få hjelp.
FOTO: BJØRNAR MORØNNING / NRKFrå utgiftssluk til millionsparing
«Bo trygt heime» er finansiert innafor kommunen sitt budsjett. Og på eitt felt har det spart kommunen for pengar. Det er på utgifter til sjukehus.
I mange år har Lillehammer vore ein slags versting i såkalla «overliggardøgn» ved Sjukehuset Innlandet.
Dei har ikkje greidd å finne gode nok alternativ for dei utskrivingsklare pasientane heime.
For dette må dei betale straffegebyr til sjukehuset.
I 2023 måtte Lillehammer ut med nærare 11 millionar for meir enn 700 overliggardøgn.
Etter at «Bo trygt heime» kom i gang, har talet på sjukehusdøgn gått ned år for år.
Prosjekt X
«Bo trygt heime» i Lillehammer er eit av 14 utprøvingar innafor det såkalla «Prosjekt X», i regi av Helse og omsorgsdepartementet.
Over heile landet testar kommunar og sjukehus ulike formar for samarbeid. Og dei blir følgd opp av Helsedirektoratet.
Erfaringane blir ein del av grunnlandet for regjeringa sitt arbeid med dei store helsereforma den har varsla. Helsereformutvalet skal legge fram sine forslag i november 2026.
Helse og omsorgsminister Jan Christian Vestre seier at det Lillehammer testar ut, er ein god modell for eldreomsorga i framtida.
Håkon Kolden meiner at det er mogleg å overvinne skiljet mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta. – Det er mogleg å få til enda mykje meir enn vi gjer i dag.
Foto: Bjørnar Morønning / NRK- Les meir om helseministerens plan for «Prosjekt X» her.
Også for psykiatri
Håkon Kolden er prosjektleiar for «Bo trygt heime».
– Utfordringane vi får med ei aldrande befolkning er formidabel. Eldrebølga er her nå. Samtidig som vi slit med å få nok kvalifisert helsepersonell.
I Lillehammer bor det 400 fleire personar over 80 år nå enn for 10 år sidan. Det syner tal frå SSB. Og i åra som kjem blir det enda fleire.
– Nå ønskjer vi å finne meir ut av korleis vi skal finansiere helsetenestene framover.
Kolden meiner det er mogleg å bygge ned grensene enda meir, og la pengane følge pasienten mellom spesialisthelsetenesta (staten) og kommunane.
Helse- og omsorgsministeren meiner også det er vegen å gå.
– Å bruke helsepersonellet på tvers av primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta gjer at vi får meir helse for kvar krone, seier Jan Christian Vestre.
Det neste Lillehammer kommune ønskjer å få til, er å få til eit VIP-forløp for pasientar med psykiske lidingar og rusproblematikk.
- Her bur dei eldre som studentar. Kan det vere løysinga på eldrebølga?
Publisert 23.04.2026, kl. 15.45









.jpg)







English (US)