Steinar på storleik med bilar hamna vegen

1 month ago 29



Det har gått eit steinras mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugstunnelen på Fylkesveg 55 mellom Høyanger og Vadheim.

Det skal vere snakk om steinar på storleik med bilar.

– Vi har stengd tunnelane på kvar side av raset. Meldingane vi har fått tilseier at det er snakk om ganske store steinar, seier trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim i Statens vegvesen.

Raset gjekk i 15-tida laurdag ettermiddag.

Det er ikkje meldt at bilar eller personar er tekne.

Fjellet som rasa er kjent for å vere rasutsett, ifølge byggeleiar Skule Jacobsen i Vestland fylkeskommune

Stian Sellevoll Hestad og sambuaren kom køyrande på vegen då raset gjekk. Ifølge Hestad var dei berre 150 meter unna raset.

– Vi såg støvskya først, også såg vi store steinar som spratt ut frå fjellsida, seier han.

– Ein blir litt sjelven.

Ny vurdering klokka 12

Vegen er no stengd, og det er usikkert kor lenge vegen vil blir stengd.

Ifølge byggeleiar i Vestland Fylkeskommune Skule Jacobsen vil dei gjere ein ny vurdering i morgon klokka 12.

– Raset har gått igjennom ei steinur. Den er litt uroleg etter at det har falle ned så mykje stein i den, seier han.

Jacobsen legg til at raset har gått på eit rasutsett fjell.

Ingen gode omkøyringsmoglegheiter

Ordførar i Høyanger kommune Petter Sortland seier at dei har fått sett inn ein båt som går forbi rasstaden, slik at dei som jobbar på Hydro og i helse- og omsorgstenesta kjem seg til å frå jobb.

– Det er veldig problematisk at vegen er stengd, då ein må køyre ein forferdeleg lang omveg for å komme rundt.

Også ambulansebåten i Solund vert i kveld flytta til Lavik, melder Helse Førde.

RAS høyanger1223

Eit stort ras har gått mellom Høyanger og Vadheim i Sogn.

Foto: Brannvesen

Tilrådd omkøyring er via FV55 Høyanger-Hella, RV13 Hella-Sogndal, RV5 Sogndal-Skei, E39 Skei-Vadheim.

Desse omkøyringsrutene tar fleire timar ekstra.

Ifølge BKK var 370 kundar i Høyangerområdet utan straum etter raset.

Litt før klokka 17.30 meldte kommunikasjonssjef i BKK Kristina Kollerud Austrheim at straumen var tilbake hos alle kundane.

Publisert 08.03.2025, kl. 19.55 Oppdatert 08.03.2025, kl. 20.43

Read Entire Article