Før sesongen i år er det gjort drastiske endringar i Formel 1.
Søndag blei sesongen opna i Australia, og like etterpå har reaksjonane vore mange. Ferrari-førar Charles Leclerc går kanskje lengst av alle. Han meiner Formel 1 no liknar på bilspelet Mario Kart.
– Det er som å treffe ein sopp i Mario Kart, sa han på lagradioen undervegs i løpet.
Dei nye reglane har utløyst eit saftig skred av reaksjonar både i tradisjonelle og sosiale medium. Også verdsmeisteren frå i fjor er svært kritisk.
– Det er kaos. Det kjem til å bli ei stor ulykke, og det er synd. Det er som at vi berre ventar på at noko går forferdeleg gale. Det er ingen god posisjon å vere i, seier Lando Norris ifølge BBC.
VENTAR PÅ SMELL: Formel 1-profilen Lando Norris som køyrer for McLaren.
Foto: WILLIAM WEST / AFP,NTB– Kjem til å fly over gjerdet
I eit intervju med arrangøren etter løpet gav Charles Leclerc klar beskjed. Han visste ikkje heilt kva ein skulle vente med nye reglar, og synest det var uvant.
– Det var meir tricky å forsvare seg, vi visste ikkje heilt når batteriet slår seg av på langsidene. Det er enorme fartsforskjellar, og det gjer det veldig utfordrande, seier Leclerc i eit intervju sendt på Viaplay.
BEKYMRA: Charles Leclerc synest det var vanskeleg å køyre det første løpet i år.
Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP,NTBNorris meiner forskjellane kan bli så store som 40–50 kilometer i timen.
– Om du treffer nokon i den farta, kjem du til å fly og smelle i gjerdet. Det kjem til å bli store skadar på deg sjølv og kanskje andre. Det er ein forferdeleg ting å tenke på, seier Norris.
– Det er ein balansegang mellom det som er spennande og det som er farleg. Det å sjå 22 Formel 1-bilar køyre etter kvarandre i kø i 58 rundar, det er jo ikkje spennande eller sånn veldig farleg heller. Så er det klart at når det blir litt fartsforskjellar, så blir det meir spennande, men da aukar risikoen.
– Ein del dommedagsprofetiar
Atle Gulbrandsen forstår at førarane er kritiske, men meiner det var mykje positivt det første løpet i år.
– Det var veldig bra racing. Det var spennande, det var mange forbikøyringar. Vi såg at bilane klarte å ligge veldig nære kvarandre, noko som har vore ei utfordring tidlegare. Og det var jo da veldig mange fleire forbikøyringar enn det har vore i Australia tidlegare. Så kan det kanskje bli for mykje av det gode, seier Atle Gulbrandsen, Viaplays Formel 1-kommentator og sportssjef i Norges bilsportforbund.
KOMMENTATOR: Atle Gulbrandsen i Viaplay.
Foto: Lise Åserud / NTBMarc Priestley har tidlegare vore mekanikar for McLaren, men er no ekspert for BBC. I programmet Chequered flag kom han med følgande konklusjon etter første løp:
– Det var ein del dommedagsprofetiar og folk som trudde det skulle bli katastrofe. Det fekk vi ikkje, seier Priestley.
Han meiner problemet er «die hard fans», og har ei nedslåande melding til trufaste supporterar.
– Det var mykje action og duellar. Om du er fan, så er det kva du ønsker. Problemet er den ivrige fansen som alltid har sett på. Dei likte det dei såg på for 20 år sidan, men slik blir det aldri igjen, seier han.
– Grenser for kor mykje eg kan tole
– Eg elskar racing, men det er grenser for kor mykje eg kan tole. Eg trur F1 og FIA (Det internasjonale bilsportforbundet) er villige til å lytte, og eg håpar det finnes grep dei kan ta, seier Max Verstappen etter det første løpet i år.
Den nederlandske stjerna starta som nummer 20, men køyrde seg opp til 6. plass. Han har tidlegare vore ein av dei fremste kritikarane av dei nye reglane i sporten.
– Ein førar vil jo at dette skal vere dei kulaste bilane i verda å køyre. Mens ein TV-sjåar vil at det skal vere dei bilane som gjer at du får den beste racinga og den beste underhaldninga. Så det er veldig mange ulike omsyn å ta, seier kommentator Atle Gulbrandsen.
Publisert 09.03.2026, kl. 11.34















English (US)