Etter mange år med nedgang i søkinga til sjukepleiaryrket, starta ein opptur med fleire søkarar i 2024.
No strøymer endå fleire til. Det viser tala for søking til høgare utdanning, som er lagde fram av Samordna opptak i dag.
Nasjonalt er det ein auke på 39,6 prosent som vil ta sjukepleiestudiet.
Heile tre sjukepleiestudium er i år inne på topp ti-lista med førstegongssøkarar frå Samordna opptak.
Studiet har vore heilt ute av topp ti-lista sidan 2021.
Peikar på at karakterkravet er fjerna
– Eg liker å jobba med folk, og eg vil ta vidareutdanning som jordmor. Difor har eg søkt meg inn på sjukepleiarstudiet til hausten, fortel Andrine Korsvik (18) frå Fitjar i Vestland.
Ho går siste året på vidaregåande skule, og har ekstrajobb i heimesjukepleien på heimstaden.
Ein kvardag som sjukepleier og seinare jordmor er det Andrine Korsvik frå Fitjar ønskjer seg. Til hausten, om ho kjem inn, set ho set på skulebenken på sjukepleiarstudiet ved HVL i nabokommunen Stord.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Når du tek sjukepleiarstudiet er du sikra jobb, for dei trengst overalt. Og yrket er både teoretisk, men også praktisk, seier ho.
18-åringen trur mange vil bli sjukepleiar fordi det er eit trygt val, men også fordi karakterkravet i matematikk og norsk blei fjerna i fjor.
Til hausten er planen hennar å bli student ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) på Stord.
Auke på over 50 prosent
Studiestadene til HVL har ein vekst i talet på søkarar til sjukepleie på 51,3 prosent. Det er fleire enn 1.900 personar som har søkt.
– Det er heilt fantastisk, og eg blei rørt då eg såg tala, seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal.
– I den usikre tida me er i no, trur eg dei unge søker trygge og sikre jobbar, og dei ser eit behov for å bidra.
Ho meiner også det har vore veldig viktig å fjerna karakterkrava.
– Me har fjerna ein barriere for dei som kan ha vore uheldige og fått ein dårleg karakter i norsk eller matematikk. Her har det opna seg moglegheiter for fleire som drøymer om å bli sjukepleiar.
Prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal, blei rørt då ho såg den store auken i talet på søkarar til sjukepleie.
Foto: Nils Ole Refvik / NRKRegjeringa: – Kjempenyheit
Fram mot 2060 vil det vera behov for 180.000 fleire tilsette i helsevesenet, ifølgje Perspektivmeldinga.
Dei ferske søkartala er difor godt nytt for helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
– Dette er eit av dei viktigaste yrka i noreg, og me kjem til å trenge veldig mange sjukepleiarar i åra som kjem. At me då ser ein så kraftig vekst i talet på unge menneske som vil bli sjukepleiarar, er ei kjempenyheit.
Norsk Sjukepleiarforbund har vore sterkt imot å fjerna karakterkravet.
– Men at fleire no søker, kan jo bety at snittet går opp. Det viktige no er at flest mogleg fullfører, og det blir sett inn nok ressursar for å få det til, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen.
– I dag manglar me rundt 6000 sjukepleiarar. Eg er difor veldig glad for at så mange unge no rekk opp handa og seier at dei vil inn i verdas finaste yrke.
Lærarstudiet har snudd nedgangen
Lærarutdanninga har snudd utviklinga i år, etter fem år med nedgang i talet på søkarar. Også her er karakterkrava fjerna.
Auken nasjonalt er på 14 prosent. Ved Universitetet i Stavanger (UiS) er auken 17 prosent.
– Me ser ut til å ha brote den negative trenden og har fått eit fint løft i grunnskulelærarutdanninga. Det er me veldig glade for, seier rektor ved UiS, Klaus Mohn.
Førsteårsstudentane NRK snakkar med, er positive til framtida.
– I det siste har me høyrt mange seia "du må ikkje bli lærar". Men kanskje folk har innsett at det kan vera eit fint yrke likevel, seier lærarstudent Ane Eriksen.
– Dette betyr at me kanskje slepp lærarmangel og at me kan bruka meir ressursar i klasserommet for å gi betre opplæring til elevane, seier medstudent Pernille Cappelen.
Ane Eriksen er førsteårsstudent på lærerutdanninga ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Foto: Simon Elias Bogen / NRK– Me har no fleire søkarar enn det er studieplassar til grunnskulelærarutdanningane. Det er ikkje mange år sidan situasjonen var motsett. Regjeringa har tatt fleire grep for å gjera ei god utdanning betre, og me har gjort mykje for å betra arbeidskvardagen til lærarane i klasserommet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Studium som opplever nedgang i talet på søkarar, er blant anna reine IKT-studium, realfagstudium, ingeniør- og sivilingeniørutdanningar, filosofistudium, mediefag og samfunnsfag.
Heilt fram til 1. juli står søkarane fritt til å omprioritera mellom vala sine. Svaret på kor dei kjem inn, får dei 20. juli, ifølgje Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Publisert 28.04.2025, kl. 10.59 Oppdatert 28.04.2025, kl. 11.03