TikTok har fått EU-bot på 530 millionar euro

11 hours ago 8



Det er nyheitsbyrået AP som melder dette. TikTok-eigar Bytedance har varsla at dei vil anke avgjerda om bota på 530 millionar euro.

Det tilsvarar 6,2 milliardar kroner.

Det er det irske datatilsynet (DPC) som meiner at Bytedance / TikTok har brote dei strenge personvernreglane.

Personopplysningar om europeiske brukarar skal ha blitt lagra på kinesiske servere, og at kinesiske tilsette har hatt tilgang på desse dataene.

Dette gjeld både TikTok-brukarar i EU og i EØS-området.

I granskinga som er gjennomført av DPC, har dei spesielt sett på overføringar av data til Kina og om TikTok var open og tydeleg nok om dette med brukarane.

Innrømde lagring

DPC meiner at TikTok ikkje var opne med brukarane, noko som er eit brot på krava til openheit.

TikTok opplyste først at dei ikkje lagra data i Kina, men innrømde i april 2025 at noko data likevel hadde blitt lagra der – i strid med tidlegare informasjon dei hadde gitt til DPC.

Det irske datatilsynet vurderer no om det er behov for ytterlegare tiltak, i samråd med andre datatilsyn i EU.

Hovudkontor i Irland

Straffa svarer truleg til den tredje høgaste bota som nokon gong er utferda av det irske datatilsynet.

Tidlegare har Amazon fått ei bot på 746 millionar euro mens Facebook-eigar Meta har fått ei bot på 1,2 milliardar euro.

Irske myndigheiter utferda dei fleste av desse bøtene da dei fleste store teknologiselskapa har den europeiske forretningsadressa si i Irland.

(NTB / AP)

Publisert 02.05.2025, kl. 12.06 Oppdatert 02.05.2025, kl. 12.28

Read Entire Article