Stor brann på Tysnes - fem heilt nye bygg er totalskadde

1 month ago 49



Sju av åtte næringsbygg i ei rekke er ramma av brannen. Fem av dei er totalskadde og to har store vasskadar, ifølgje politiet.

Klokka 17:15 opplyser brannvesenet til NRK at det er kontroll på brannen, og at det ikkje lenger er spreiingsfare til andre bygg.

Det brenn framleis i bygga, og det pågår sløkking både frå land og frå sjø. Det er ikkje meldt om sakna eller skadde personar.

Det brenn kraftig i eit kontorbygg som tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk på Onarheim på Tysnes.

Kystvaktskip og redningsskøyte deltek i sløkkearbeidet

Mannskapar frå fire brannstasjonar rykte ut til brannen, som blei meldt like før klokka 14 laurdag.

I tillegg har kystvaktskipet «Tor» og redningsskøyta «Sundt» hjelpt til med sløkking av brannen. Sløkkeinnsatsen frå sjø har hatt god effekt, ifølgje politiet.

Det bles kraftig i området, men det er no ikkje fare for spreiing til andre bygg enn rekka med bygg som er ramma.

Brann hos Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Det brann i ei rekke med næringsbygg, som er under oppføring ved Alsaker Fjordbruk.

Foto: Marthe Macody Tufte Lund / Bladet Tysnes

Ørjan Kjerland bur på ein gard like ved staden det brann.

– Røyken var mest skremmande. Den låg som eit teppe over bygda i fleire timar, seier han.

Det var meldt om mykje røyk i området. Politiet bad bebuarar om å lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som var utsette for røyk.

Brann hos Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Fem av åtte næringsbygg er totalskadde etter brannen.

Foto: NRK-tipsar

Bygga var heilt nye

Bygga tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk, og ligg heilt nede ved kaikanten i bygda Onarheim på Tysnes i Sunnhordland. Dei innheld kontor, møterom og auditorium.

Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilte, skriv Bladet Tysnes.

– Me vil no måtta ta i bruk det gamle kontorbygget på området, opplyser samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå administrerande direktør Gerhard Meidell Alsaker.

Årsaka til brannen er ukjend, og politiet har starta etterforsking.

Alsaker Fjordbruk har administrasjonssenter i den vesle bygda Onarheim på Tysnes.

Publisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 19.49

Read Entire Article