Stor brann på Tysnes - seks av åtte næringsbygg har tatt fyr

1 month ago 22



Det brenn no i seks av åtte næringsbygg, som ligg i ei rekke.

Klokka 17:15 opplyser brannvesenet til NRK at det er kontroll på brannen, og at det ikkje lenger er spreiingsfare til andre bygg.

– Dei to siste bygga er ikkje ramma av brann, men kan ha fått vasskadar, seier fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen, Børre Brekkvassmo.

Det pågår sløkking både frå land og frå sjø. Det er ikkje meldt om sakna eller skadde personar.

Det brenn kraftig i eit kontorbygg som tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk på Onarheim på Tysnes.

Kystvaktskip og redningsskøyte deltek i sløkkearbeidet

Mannskapar frå fire brannstasjonar har rykt ut til brannen, som blei meldt like før klokka 14 laurdag.

I tillegg hjelper kystvaktskipet «Tor» og redningsskøyta «Sundt» med sløkking av brannen. Sløkkeinnsatsen frå sjø har god effekt, ifølgje politiet.

Det bles kraftig i området, men det er no ikkje fare for spreiing til andre bygg enn rekka med bygg som er ramma.

Brann hos Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Det brenn i ei rekke med næringsbygg, som er under oppføring ved Alsaker Fjordbruk.

Foto: Marthe Macody Tufte Lund / Bladet Tysnes

Bygga var heilt nye

Bygga tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk, og ligg heilt nede ved kaikanten i bygda Onarheim på Tysnes i Sunnhordland. Dei innheld kontor, møterom og auditorium.

Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilte, skriv Bladet Tysnes.

Bygningen som brenn ligg i bygda Onarheim på Tysnes.

Det er meldt om mykje røyk i området. Bebuarar må lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som er utsett for røyk, oppmodar politiet om.

Brann Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Brannen har spreidd seg til seks av åtte kontorbygg i ei rekke.

Foto: tips-bilete

Publisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 17.26

Read Entire Article