Stor lyng­brann i Herøy – brann­vesenet har kontroll

1 week ago 6



Det var like etter klokka 14:30 at politiet meldte om ein lyngbrann i Herøy på Sunnmøre.

Dei opplyste at området som brenn har vore på cirka 100 gonger 100 meter.

– Det ser ut som at dei har byrja å fått oversikt, det er vindstille og vi har mykje mannskap, sa brannmeister Linn Haugen i 15:30-tida.

No har dei altså kontroll, og driv på med ettersløkking.

Brannvesenet rekvirerte brannhelikopter frå Værnes fordi det var vanskeleg å få tilgang til vatn så høgt oppe i terrenget. Dette blei etter kvart avbestilt.

Vurderte å evakuere

Operasjonsleiar i politiet, Espen Andrésen, sa at dei vurderte å evakuere dei næraste husa.

– Vi har ikkje begynt med evakuering, men vi er i tenkefasen, opplyste han.

Andrésen sa at dei vurderte kor raskt brannen spreier seg og om ein får kontroll før den trua dei næraste husa.

Mannskap frå både Fosnavåg og Myrvåg rykte ut, i tillegg til dei andre naudetatane.

Det brenn godt i terrenget.

Vitnar brannen

Melissa Nerland Paulsen jobbar i lokalavisa, og vitna brannen.

– Brannar er ca. 100 meter frå næraste hus. Litt skummelt. Ser at brannvesenet er på veg opp no, seier ho.

Joakim Eiksund står og ser på brannen. Han seier det ser skummelt ut.

– Det ser ut som det nærmar seg hus, det er ikkje bra, seier han.

Ein annan som ser på, skildrar det som flammane er om lag 300 meter unna husa og at det er skiftande vindretning.

Bilde av brann

Foto: Joakim Eiksund

Politiet sperra av krysset mellom Toftestøvegen og Vikevegen, i tillegg til krysset mellom Toftestøvegen og Øvre Myklebust.

Dette for å hindre trafikk inn til området det naudetatane jobbar.

Publisert 20.05.2026, kl. 14.58 Oppdatert 20.05.2026, kl. 15.57

Read Entire Article