Sju av åtte næringsbygg i ei rekke er ramma av brannen. Fem av dei er totalskadde og to har store vasskadar, ifølgje politiet.
Bygga var heilt nye, og skulle bli det nye administrasjonsbygget til oppdrettskonsernet Alsaker Fjordbruk på Onarheim i Tysnes kommune i Sunnhordland.
Brannmannskapar frå fire stasjonar jobba med å sløkka brannen.
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRKBrannen blei meldt like før klokka 14 laurdag.
Klokka 17:15 opplyser brannvesenet til NRK at det er kontroll på brannen, og at det ikkje lenger er spreiingsfare til andre bygg.
Ingen personar er skadde eller sakna.
Det brenn kraftig i eit kontorbygg som tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk på Onarheim på Tysnes.
Kystvaktskip og redningsskøyte deltok i sløkkearbeidet
Mannskapar frå fire brannstasjonar rykte ut til brannen.
I tillegg har kystvaktskipet «Tor» og redningsskøyta «Sundt» hjelpt til med sløkking av brannen. Sløkkeinnsatsen frå sjø har hatt god effekt, ifølgje politiet.
Det var kraftig vind i området.
Redningsskøyta Sundt hjelper til med å sløkka brannen.
Foto: RedningsselskapetØrjan Kjerland bur på ein gard like ved staden det brann.
– Røyken var mest skremmande. Den låg som eit teppe over bygda i fleire timar, seier han.
Det var meldt om mykje røyk i området. Politiet bad bebuarar om å lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som var utsette for røyk.
– Brannen framstod som ganske dramatisk, og det var ein massiv innsats for å få kontroll på han, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.
Det brann i ei rekke med næringsbygg, som er under oppføring ved Alsaker Fjordbruk.
Foto: Marthe Macody Tufte Lund / Bladet TysnesBygga var heilt nye
Bygga går under namnet Alsaker Brygge, og tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk. Dei ligg heilt nede ved sjøen i bygda Onarheim, og innheld kontor, møterom og auditorium.
Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilte, skriv Bladet Tysnes.
– Me vil no måtta ta i bruk det gamle kontorbygget på området, opplyser samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk, Kristian Råsberg.
Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå administrerande direktør Gerhard Meidell Alsaker.
Årsaka til brannen er ukjend, og politiet har starta etterforsking.
– Me har starta avhøyr av dei som jobbar der. Det skal også gjerast ei åstadsundersøking med kriminalteknikarar når det er blitt kaldt på staden. Det skjer truleg ikkje før starten av neste veke, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.
Brannen spreidde seg til seks av åtte kontorbygg i ei rekke.
Foto: tips-bileteAlsaker Fjordbruk har administrasjonssenter i den vesle bygda Onarheim på Tysnes.
Publisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 20.23