Ingen personar skal vere skadd, opplyser operasjonsleiar Anders Oppedal ved Sør-Vest politidistrikt, men det er mykje og svart røyk på staden.
Han kjem med ei viktig melding om at alle i området må halde vindauge og ventilar lukka og unngå å bli eksponert for røyken.
Brannen vart meldt like før klokka ni, og brannvesenet rykte ut frå tre brannstasjonar.
Store styrker med på sløkking
Vaktleiar i Rogaland brann og redning, Svein Nesse, seier dei har sendt 8 bilar til brannen med over 20 brannmannskap.
Brannen er ikkje under kontroll og det er fare for vidare spreiing i bygget, seier Nesse.
Oppdragsleiar i politiet, Sigbjørn Staveland Sørenes, opplyser at det skal ha blitt uført takarbeid i forkant av brannen.
Det brenner ved Gilje Tre i Gjesdal
Fotografi: Adrian Fosse Årthun / NRKForsøker å avgrense skadane
Innsatsleiar i politiet, Olav Neteland, seier brannen ser ut til å ha starta i taket. Brannen starta i den gamle delen av fabrikken.
Brannvesenet konsentrerer no innsatsen for å forsøke å hindre at brannen spreier seg til heile bygget.
Gilje Tre er ein stor produsent av vindauge og dører som leverer til heile Noreg.
Innsatsleiar i politiet, Olav Netland, med siste nytt om brannen
Publisert 27.05.2026, kl. 10.07 Oppdatert 27.05.2026, kl. 10.59










English (US)