Støre: Angrep mot sivile må stoppe før seriøse forhandlingar om varig fred

2 hours ago 1



Statsminister Jonas Gahr Støre deltok på videomøtet mellom europeiske leiarar og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj søndag.

– Vi gir støtte til Zelenskyj om at det ikkje kan bli forhandla om Ukrainas framtid utan Ukraina. Russiske angrep mot ukrainske sivile mål må stoppe før det kan vere seriøse forhandlingar om varig fred, seier han i ei melding til NRK.

Han seier Noreg vil bidra til at samarbeidet med USA om sikkerheitsgarantiar Ukraina blir styrka.

– Det er avgjerande at vi vidarefører støtta til det ukrainske forsvaret. Presset på Russland må halde fram og trappast opp. I møtet var det brei semje om samla europeisk støtte og løpande kontakt mellom leiarane i dagane som kjem, seier han.

Zelenskyj og fleire europeiske leiarar skal måndag møte USAs president Donald Trump i Det kvite huset for å snakke om vegen vidare til fred for Ukraina.

Read Entire Article