Leiarane for 31 EU- og Nato-land møttest torsdag i Elyséepalasset i Paris for å bli samde om korleis dei skal støtte Ukraina framover.
– Bodskapen vår er klar: Ballen ligg på Russlands banehalvdel. Ukraina har sagt ja til våpenkvile for to veker sidan, men angrepa frå Russland held fram. Det kjem også stadig fleire vilkår frå russarane. Presset mot Russland må derfor oppretthaldast, sier Støre til NRK.
Og han legg til:
– Så lenge Russland ikkje viser teikn til å bli med på ei våpenkvile, er det ingen grunn til å trappe ned på sanksjonane.
Meir militærhjelp og økonomisk støtte
Den franske presidenten Emmanuel Macron var vert for møtet. Også den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj deltok.
– Fleire land har på møtet lagt fram planar for meir militærhjelp og økonomisk støtte til Ukraina, sa Macron på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.
Etter møtet sa også den tyske forbundskanslaren Olaf Scholz og statsministeren i Storbritannia, Keir Starmer at det ikkje er riktig tidspunkt å oppheve sanksjonane mot Russland nå.
– Europa kan forsvare seg sjølv. Vi må bevise det, skreiv Zelenskyj på Telegram, nokre timar etter at møtet starta.
USA var ikkje med på møtet, men ifølgje franske styresmakter har Macron snakka med Trump før toppmøtet, ifølge nyheitsbyrået Reuters.
Dette var tema for diskusjonane på møtet, ifølge Euronews:
- Kva landa kan bidra med av omgåande hjelp og langsiktig hjelp til Ukraina.
Ein internasjonal fredsstyrke eller tryggingsstyrke for Ukraina.
Våpenkvila og vilkåra for den.
Frankrikes president Emmanuel Macron og den ukrainske presidenten Volodmyr Zelenskyj.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTBFrankrikes president Emmanuel Macron og på Sveriges statsminister Ulf Kristersson
Foto: Thibault Camus / AP / NTBFrankrikes president Emmanuel Macron sammen med Storbritannias statsminister Keir Starmer
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTBFrankrikes president Emmanuel Macron ønsker Italias statsminister Giorgia Meloni velkommen.
Foto: LUDOVIC MARIN / AFP / NTB
USA har tidlegare inngått eigne avtalar med Ukraina og Russland om å stanse angrep mot energianlegg i 30 dagar og sikre trygg skipsfart i Svartehavet.
Ukraina har også sagt seg villig til å inngå ei full våpenkvile. Russland har på si side stilt knallharde vilkår for å gå med på avtalen med USA.
Frankrike, Storbritannia og Ukraina arbeider med ein fredsavtale som skal leggjast fram for USA. Den skal også truleg diskutert torsdag, ifølge Euronews.
Det er tredje gong statsleiarane møtest, etter initiativ frå Frankrike og Storbritannia. I tillegg har forsvarssjefane i landa møttest to gonger.
Onsdag kveld hadde Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj eit eige møte med Emmanuel Macron.
Publisert 27.03.2025, kl. 14.47 Oppdatert 27.03.2025, kl. 14.57