– Då eg først såg nokre av draktene, tenkte eg: «Dette kjem til å bli enormt», seier Jaime Blanco, direktør for La Ligas klubbavdeling, til AS.
Til helga arrangerer spansk fotball ein historisk temarunde: «Retro Matchday».
– Eg synest det er dritkult. Heile opplegget verkar spennande og veldig annleis, seier Petter Veland til NRK.
Viaplay-ekspert Veland blir rekna som ein av dei som følger spansk fotball tettast i Noreg.
I både toppdivisjonen og på nivå to skal klubbane spele i drakter inspirerte av ikoniske design frå eiga historie.
GLER SEG: Petter Veland er lidenskapeleg opptatt av spansk fotball. Nå ser han fram til å ta ei nostalgisk reise tilbake i tid.
Foto: ViaplayTV-sendingane får retroinspirert grafikk, dommarane bruker spesialdesigna drakter – og til og med kampballen får eit nostalgisk preg.
– No er det veldig inn i tida å sjå framover og komme med nye duppedingsar. No avser dei litt kjærleik og merksemd til det som står fram som gode minne, i alle fall reint personleg, fortel Veland.
– Eg skjønner ikkje at det kan vere noko negativt ved det her – med unntak av Real Madrid, sjølvsagt.
Sjå alle draktene her:
Villarreal sin drakt er inspirert av 1990-tallet og tidlig 2000-tall.
Foto: VillarrealReal Sociedads drakt er en hyllest til Atotxa Stadion.
Foto: Real SociedadDrakten Alaves skal bruke mot Barcelona er en hyllest for å markere 25-årsjubileet for den historiske UEFA-cupfinalen mot Liverpool. Alaves tapte 5-4 etter golden goal.
Foto: AlavesLevante sin drakt er inspirert fra drakten i 1907, og det skal bare produseres 1000 stykker av dem
Grafikk: LevanteEspanyols gule og svarte drakt er en hyllest til opprinnelsen av klubben i 1900.
Foto: EspanyolValencias drakt er inspirert av de ikoniske oransje draktene fra 1990-1992.
Foto: Lázaro de la Peña / ValenciaRCD Mallorcas drakt er inspirert fra Copa del Rey-finalen i 2003. Det vil bare bli produsert 1000 eksemplarer av disse.
Foto: RCD MallorcaCelta Vigos drakt er en hyllest til opprøret mot Napoleon tilbake i 1809. Rødt og hvitt i det mønsteret er symbolet på Vigos flagg.
Foto: Celta VigoOsasunas røde drakt skal være til minne og hyllest for laget Pepe Alzate trente fra 1979 til 1983 kjent som Los Indios.
Faksimile: Skjermdump Instagram / OsasunaAthletic Clubs drakt er inspirert av perioden 1970-1975 - en historisk periode for klubben.
Foto: Athletic ClubGironas drakt er inspirert fra 1991/1992-sesongen.
Faksimile: Skjermdump fra X / GironaFoto: Real Oviedo
Elche sin drakt er 90-tallsinspirert.
Foto: ElcheSevillas retrodrakt.
Faksimile: Skjermdump X / SevillaReal Betis' drakt for retrouken.
Faksimile: Skjermdump X / Real BetisAtletico Madrid bruker en drakt i orginalfargene blått og hvitt.
Faksimile: Atletico Madrid
Står utanfor
Totalt 38 klubbar deltar i prosjektet, men Real Madrid har valt å ikkje bli med på retro-markeringa, skriv både Marca, The Athletic og AS.
Det var på ingen måte eit sjokk, ifølge Veland.
– På ein overraskingsskala frå null til hundre, så er det éin.
Til AS seier Blanco at han både håpar og trur at Real Madrid blir med neste sesong, men den norske fotballeksperten er ikkje fullt så sikker.
STORSKÅRAREN: Det blir ikkje eit gjensyn med Real Madrids drakt frå 2002/03. Her er brasilianske Ronaldo avbildet under ei feiring.
Foto: SERGIO PEREZ / NTBHan forklarer årsaka bak Real Madrids avgjerd på følgande måte.
– Det handlar utelukkande om at det er La Ligas idé. Real Madrid er ikkje med på noko som La Liga foreslår, med mindre dei er kontraktsbundne til det, eller at dei risikerer bøter eller poengtrekk for det.
Han trekker fram blant anna ueinigheit rundt fordeling av TV-pengar og diskusjonar rundt den europeiske superligaen som årsaker til det ekstremt kjølige forholdet.
– Forholdet er ikkje-eksisterande, og det er ein maktkamp mellom La Liga-president Javier Tebas og Real Madrid-president Florentino Pérez, forklarer Veland.
TOMMEL OPP FOR REAL MADRID: Men tommel ned til det La Liga foreslår.
Foto: CHANDAN KHANNA / AFP,NTBOgså Barcelona, Rayo Vallecano og Getafe vil spele kampane i sine vanlege 2025/26-drakter.
Ifølge AS kjem av det produksjonsutfordringar.
Retrotrend i fotballen
Temarunden kjem samtidig som retrodrakter har blitt ein stadig større trend i fotballverda.
Gamle klubbdrakter – ofte inspirerte av 90-talet eller tidleg 2000-tal – blir i dag brukte like mykje som moteplagg som supporterutstyr. Vintage-kolleksjonar blir selde i stadig større opplag, og fleire klubbar har dei siste åra lansert eigne retroseriar.
– Det er eit logisk trekk i ei tid der retro og vintage er svært populært. Gamle fotballdrakter har fått nytt liv igjen, seier Anders Kemp, reportasjeleiar i magasinet D2, som også skriv om stil og mote.
– Ei retrodrakt er eit perfekt lerret for å fortelje klubbens historie, knyte seg til gamle legender og drive marknadsføring. Samtidig betyr spesialdrakter ofte auka trøyesal.
PEILING PÅ MOTE: Reportasjeleiar i magasinet D2, Anders Kemp.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRKSamtidig meiner han retrobølga kan ha blitt litt kraftig.
– I Premier League verkar det nesten som det kjem nye jubileumsdrakter og retrokolleksjonar annakvar veke. Marknaden er så metta av retrodesign at det nesten kan kjennast litt kleint.
Håpar temarunden kan forsterke utviklinga
– Dette kan ta La Liga og klubbane til ein ny dimensjon. Det gjer det mogleg å nå både eldre generasjonar og yngre fans, seier Blanco.
– Også folk som kanskje ikkje følger fotball, men liker stilen.
Han trekker parallellar til NBA-drakter, som lenge har vore populære også blant folk som ikkje følger basketball tett.
– Mange går med NBA-drakter utan nødvendigvis å sjå kampane. Vi ønsker å treffe det same kulturelle rommet.
Vil bli historisk
Temarunden blir spelt i serierunde 31 i La Liga og runde 35 i Segunda División.
Ifølge La Liga er dette første gong ein av dei største ligaene i verda gjennomfører ein heil serierunde med retrotema. Det gjeld både drakter, dommardrakter, grafikk og kampball.
– Det er eit grep for å få merksemd. Ikkje la det vere nokon som helst tvil om at dette er noko dei gjer for å få marknadsdelar og pengar på både kort og lang sikt, slår Veland fast.
Draktene blei presenterte 19. mars under Madrid Fashion Week, der klubblegender, modellar og influensarar viste fram designa på catwalken.
Ligaen anslår at rundt 70.000–80.000 retrodrakter vil bli lagde ut for sal.
– Ingen store ligaer har gjort noko liknande før. Ingen har spelt ein heil runde på denne måten, seier Blanco.
Ifølge Veland ønsker La Liga å nærme seg Premier League i marknadsinntekter.
Sjølv om han ikkje trur at retrogrepet kjem til å velte store lass, gleder han seg ekstremt mykje til å få oppleve gamle minne på nytt.
– Eg får plutseleg kjenne meg ung igjen og kjenne på det eg halde på med på den tida. Eg er spent på kva slags assosiasjonar eg får når eg ser den gamle grafikken på TV-skjermen.
Landslagets nye motto forvirrer
Publisert 10.04.2026, kl. 12.00












English (US)