Streik i restaurant­bransjen: – Vi er på kreditten no

1 week ago 10



Streiken i restaurant- og reiselivsbransjen er inne i si tredje veke. No er det over 4000 streikande rundt omkring i landet.

Blant dei aller første som blei tatt ut er dei tilsette på nabolagskafeen Nobel Bopel i Bergen.

Eigarane har vore tydelege i sosiale medium: Dei støttar sine streikande tilsette.

Men samtidig har dei fått eit stort problem.

– Vi er heilt avhengige av inntekter heile vegen. Dei mista vi på dagen, seier Marte Teigen, dagleg leiar og medeigar på Nobel Bopel.

ei kvinne som står foran ein bardisk

Marte Teigen meiner situasjonen er dramatisk for dei som ikkje har ein stor bankkonto.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Dei peikar på at små bedrifter hamnar i ein skvis.

– Eg føler at det er to partar som sit veldig lang frå oss, kor vi ikkje betyr noko, seier Teigen.

– Kan ofrast for ei større sak

19. april braut forhandlingane mellom NHO Reiseliv og fagforeiningane Fellesforbundet og Parat saman.

Streikarane krev mellom anna auka løn og forskotering av sjukepengar. Sistnemnde meiner NHO Reiseliv er eit «svært vanskeleg krav».

Onsdag varsla Fellesforbundet om ny opptrapping av streiken.

Streik

  • Hva er en streik?

    Streik handler om at arbeidstakerne helt eller delvis stanser arbeidet i fellesskap for å tvinge frem en løsning mellom en fagforening og en arbeidsgiver/arbeidsgiverforening.

    Under streiken mottar ikke de streikende lønn, men streikebidrag fra fagforeningen.

  • Hva er lock out?

    Arbeidsgiver kan iverksette en lock out for å tvinge frem en løsning. Det betyr at arbeidsgiver nekter de ansatte å gå på jobb. De stenges ute fra arbeidet og får ikke lønn.

  • Hvordan slutter en streik?

    Partene kan komme til enighet frivillig. Det kan også vedtas tvungen lønnsnemnd av Stortinget.

    Da avsluttes streik eller lock out og partene til Rikslønnsnemnda. Nemnda behandler interessetvister som partene i arbeidslivet frivillig bringer inn til avgjørelse, og tvister som de lovgivende myndigheter vedtar skal løses av Rikslønnsnemnda ved tvungen lønnsnemnd.

  • Hva gjør riksmekleren?

    Når partene ikke blir enige gjennom ordinære forhandlinger kan de gå til riksmekleren for å få hjelp til å finne en felles løsning.

    Riksmekleren sin rolle er å mekle i interessetvister mellom partene i arbeidslivet.

På puben Dr. Wiesener i Bergen er dei stolte av at alle deira tilsette er fagorganiserte. Samtidig set streiken dei i ein vanskeleg situasjon.

– På godvêrsdagane taper vi 150.000 til 200.000 kroner. Dette er dei viktigaste dagane vi har og som held oss flytande gjennom vinteren, seier Magnus Nitter, konstituert dagleg leiar og medeigar på puben Dr. Wiesener i Bergen.

Ein mann som står foran ein bardisk

– Det er litt dumt at når vi endeleg er litt ovanpå, at vi skal bli knust ned igjen, seier Magnus Nitter.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Han meiner partane i streiken kunne vist meir skjøn for dei små utestadane.

– Eg føler litt at vi er bønder i eit sjakkspel, som berre kan ofrast for ei større sak. Det burde vore litt meir nyansert.

Om det ikkje kjem ei snarleg løysing på streiken, fryktar han at dei må stenge dørene heilt.

– Vi er på kreditten no.

Størst konsekvensar for dei små

– Det er klart at ein sånn streik rammar ulikt. Det er bedriftene som har tariffavtale som blir ramma av streiken. Dei andre kan jo drive som vanleg.

Det seier forskar i Fafo, Kristine Nergaard. Ho peikar på at hotell- og restaurantbransjen er ein bransje med ganske låg organisasjonsgrad blant arbeidstakarane.

Tomme stolar på ein kafé

Nobel Bopel skulle vore full av kundar, men her er det berre tomme stolar.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Ho understrekar også at mykje av poenget med streiken er å legge press på arbeidsgivarsida.

– Det kan bidra til at medlemmane der seier «vi må få avslutta dette her, det blir for kostbart».

I Noreg er dei fleste bedrifter små og mellomstore.

– Mange av dei har marginal lønnsemd og likviditet, seier Ola Honningdal Grytten, professor i samfunnsøkonomi ved NHH.

Medan dei store bedriftene kan trykke på mange knappar fordi dei har fleire tilsette, er det ofte nokon få som gjer «heile jobben» hjå dei små, forklarer professoren.

utsida av ein kafe

Nobel Bopel tapar fleire hundretusen kroner i veka på streiken.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

For desse bedriftene blir det derfor store konsekvensar når dei få tilsette dei har blir tatt ut i streik.

Grytten poengterer at det likevel ikkje uvanleg at streikar blir vanskelege for dei små.

– Historisk sett er ikkje dette noko nytt. Det kjem ofte sånne rop fordi det rett og slett blir for vanskeleg for ein del mindre bedrifter å halde det gåande.

– Diskriminerande å berre ta dei små

Leiar for Fellesforbundet i Hordaland, Djevat Hisenaj, fortel at dei ikkje utelukkande kan ta ut tilsette hjå dei større verksemdene.

– Det vil vere diskriminerande ovanfor dei store, så me må ta nokre av dei små bedriftene òg.

ein mann

– Vi har utruleg stor respekt for dei, seier Djevat Hisenaj om dei små bedriftene.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Hisenaj seier at dei håpar at ingen av dei små bedriftene må stenge og peikar på at det kan gå bra.

– I 2016 blei dei små bedriftene òg brukte, og då gjekk ingen konkurs.

Arbeidsgivarparten seier dei gir erstatning for tapt inntekt for bedriftene, men berre etter at streiken er avslutta.

– Vi har konflikterstatningsfondet vårt som er til for å hjelpe bedrifter som kjem i ein sånn situasjon. I tillegg har vi vårt eige fond i NHO reiseliv, seier direktør for arbeidslivspolitikk, Magne Kristensen.

Tre personer sitter og står utenfor en kafé med skiltet "Nobel Bopel". To personer sitter på en benk med reflekser og tepper. En tredje person står og holder en gul refleksvest.

Streikevaktene utanfor Nobel Bopel har god kontroll.

Foto: Kristin Almeland Manger / NRK

Kan miste kafeen

Men for små bedrifter med store tap dagleg, hastar det, fortel kaféeigarane.

– Det kjennest som begge partane har så god tid. Og det har ikkje vi, seier Teigen.

For at kaféen skal overleve har engasjerte naboar oppretta ein innsamlingsaksjon på Spleis. I tillegg heldt kaféen ope eit par dagar førre veke for å få inn litt pengar – med leiinga bak disken.

Det ser dei seg nøydde til denne veka òg.

– Den verste konsekvensen vil vere at det ikkje er ein arbeidsplass her lengre. At vi mister kafeen vår, seier Teigen.

Publisert 06.05.2026, kl. 15.27 Oppdatert 06.05.2026, kl. 15.33

Read Entire Article