Streiken blir trappa opp: – Det vil bli eit avgrensa tilbod

8 hours ago 1



Torp Sandefjord lufthavn er ein av flyplassane som blir ramma. Her er 27 medlemmer frå Fellesforbundet tatt ut i streik.

– Nå er alle serveringsstadene ramma. Så det vil bli eit avgrensa tilbod når det gjeld opningstider og kva vi har å tilby, seier hovudtillitsvalt Anette Ganzarain i Fellesforbundet.

Ho står med ein gul streikevest utanfor Torp Sandefjord lufthavn.

Streikar for første gong

Fellesforbundet krev auka kjøpekraft og forskotering av sjukepengar.

Ganzarain seier at det er første gong dei streikar.

– Dette er veldig viktig for oss. Vi jobbar til alle tider på døgnet. Vi held ope 365 dagar i året og vi har ikkje bra lønn. Sånn er det berre.

Rundt halvparten av dei tilsette er organiserte. Dermed kan fleire møte på jobb.

– Blir det dårleg stemning mellom dykk som står her og dei som jobbar?

– Nei, vi er einige om at vi skal respektere kvarandre, Vi er kollegaer. Vi skal tilbake igjen på jobb. Det er viktig for oss alle saman å ha ein god tone.

Redusert tilbod

Sjef for trafikkutvikling og kommunikasjon ved Torp Sandefjord, Tine Kleive-Mathisen, bekreftar at det vil vere redusert tilbod på flyplassen.

Men det vil alltid vere minst éin stad open med mat, drikke og kioskvarer, skriv ho i ei tekstmelding til NRK.

De streikende i Fellesforbundet har satt opp telt utenfor hovedinngangen til Torp Sandefjord lufthavn.

Dei streikande medlemmene av Fellesforbundet sette opp telt utanfor hovudinngangen til Torp Sandefjord lufthavn.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Fleire flyplassar blir ramma

Fellesforbundet har nå tatt ut 4416 medlemmer i streik som følge av konflikten med NHO Reiseliv. 331 bedrifter er i streik.

Opptrappinga starta måndag 18. mai klokka 08.00.

Da blei 264 nye medlemmer i Fellesforbundet tatt ut ved Gardermoen, Flesland, Sola, Værnes, Torp og Kjevik.

Det er Select Service Partner, som driv restaurantar og kafear på flyplassane, som blir ramma.

I tillegg til Radisson Blu og Radisson Red på Gardermoen og Quality Hotel Pond, skriv Fellesforbundet i ei pressemelding.

Partane er kalla inn til eit møte hos Riksmeklaren tysdag morgon.

Streiken i hotell- og restaurantnæringa har gått føre seg i ein månad.

– Krevjande

NHO Reiseliv førebur seg på eit nytt meklingsmøte.

Det seier Magne Kristensen, forhandlingsleiar og direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv.

Magne Kristensen, direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv.

Magne Kristensen, forhandlingsleiar og direktør for arbeidslivspolitikk i NHO Reiseliv.

Foto: Per Sollerman

– Opptrapping av ein streik er ikkje uvanleg i ein konfliktsituasjon, og vi held oss til det. Samtidig er det klart at ei opptrapping gjer situasjonen meir krevjande for alle som blir råka.

Han opplever brei støtte frå medlemsbedriftene i saka.

– Dette handlar ikkje først og fremst om lønnskravet, men om kravet om forskottering av sjukelønn. Det er brei semje blant medlemmane våre om at dette er eit krav reiselivsnæringa ikkje kan akseptere.

Han viser til at bransjen har særskilde økonomiske føresetnader.

– Medlemsbedriftene våre har i snitt ein driftsmargin på 34 prosent, mot rundt 10 prosent i resten av næringslivet, seier han.

– Samtidig er reiselivet ei svært arbeidskraftintensiv næring, der opp mot 40 prosent av kostnadene går til lønn. Eit krav om forskottering av sjukelønn vil derfor kunne få langt større konsekvensar for reiselivsbedrifter enn for mange andre næringar.

Før det komande møtet understrekar han krava til ei løysing.

– Vi ser fram til møtet hos Riksmeklaren i morgon. Samtidig må ei løysing vere ansvarleg og berekraftig for bedriftene våre. Kravet om forskottering av sjukelønn er svært krevjande for reiselivsnæringa, seier Kristensen.

Publisert 18.05.2026, kl. 17.15

Read Entire Article