– Denne lovendringa vil ta oss frå vondt til verre.
Det skriv Karoline Andaur generalsekretær i Verdas i naturfond (WWF) i ein e-post til NRK.
– Dersom ho blir vedteken, vil det gjere det nesten umogeleg å nå måla om å stanse tap av natur, som Noreg er forplikta til gjennom Naturavtalen og som fleirtal av befolkninga støtter.
På tysdag skal Stortinget stemme over forslag til endringar i Forvaltningslova. Ei lov som hovudsakleg er forma ut med tanke på saksbehandling i statleg forvaltning, som for eksempel i byggesaker.
I dag seier lova at ein skal legge «stor vekt» på kommunalt sjølvstyre. Men Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet ynskjer å endre ordlyden til «særleg stor vekt».
WWF har saman med Den Norske Turistforening, Norsk Friluftsliv, Norges Jeger- og Fiskerforbund og Sabima skrive eit brev til Høgre.
Miljøvernorganisasjonane fryktar nemleg at den vesle endringa kan få store konsekvensar for naturen om det skal vere enklare for kommunane å bestemme.
– Lovfeste nedbygging
I brevet sitt visar WWF til ei eiga meiningsmåling. Den seier blant anna at 3 av 4 meiner at regjeringa bør ta større ansvar for å hindre bit for bit-nedbygginga av natur.
Og at halvparten av veljarane meiner at natur og klima er viktig når dei skal stemme ved haustens val.
I tillegg meiner WWF at kommunane ikkje har kompetanse til å gjere eit godt nok grunnarbeid før dei legg byggeplanar.
– Dette forslaget betyr å lovfeste bit for bit-nedbygging av naturen. Her må Høgre ta ei rask tenkepause, og snu før avstemminga i Stortinget, meiner Andaur.
Miljøvernarane meiner at forvaltingslova bør vere slik:
«Forvaltningsloven § 68, tredje ledd første punktum skal lyde: (3) Er et statleg organ klageinstans for vedtak fatta av ein kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge særleg stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønnet.», skriv dei i sitt innspel til Høgre.
Helge André Njåstad (Frp), leiar for justiskomiteen, er på si side ikkje uroa.
– Forslaget betyr ikkje at nasjonale interesser skal settast til side, men me ynskjer å heve terskelen for lokale vedtak, der det er eit lokalt handlingsrom, seier Helge André Njåstad (H).
Foto: Nadir Alam / NRK– Dei misforstår totalt ordlyden
Han meiner at det heller bør vere meir fokus på lokalt sjølvstyre, men at det framleis skal vere statlege føringar i slike saker.
– Dei misforstår totalt ordlyden her. Så lenge det er rom for å gjere lokale skjønnsmessige vurderingar, så skal ein legge særleg stor vekt på kva ein har meint lokalt, meiner Njåstad.
– Det betyr ikkje at ein set til side regelverket, og omsyn til nasjonale interesser. Her misforstår dei kva som ligg i forslaget.
– Så du meiner at det ikkje er særleg grunn til bekymring?
– Nei, det er det ikkje. Eg tykkjer ikkje at dette får dramatiske følger.
Ingunn Foss (H) meiner at lova er lik for alle og at ein bør prioritere kommunane sitt sjølvstyre.
– Viss det er kompetansemangel i kommunane, er ikkje løysinga å avgrense det kommunale sjølvstyret. Da må man heller bygge kompetanse saman med andre, eller å slå seg saman, skriv Foss til NRK.
Vidare meiner Høgre at statsforvaltarane må rettleie og samordne planprosessar betre, sånn at planane er i tråd med dei overordna lovene.
Både Njåstad i Frp og Foss i Høgre understrekar viktigheita med at kommunane skal kunne styre seg sjølve.
– Kommunane skal vere dei som er myndigheit i eigen kommune, som hovudregel. Og staten skal vere forsiktig med å overstyre dette, meiner Njåstad
– Viss et vedtak ikkje er i strid med norsk lov skal det mykje til for at det skal overprøvast av Staten, skriv Ingunn Foss.
Ragnhild Male Hartviksen (Ap) er derimot einig i at den føreslådde endringa i lova kan få store konsekvensar.
Ragnhild Male Hartviksen (Ap) er i Justiskomiteen. Ho meiner at ordlyden er god nok som den er.
Foto: Stortinget / Handout / Handout / NTBTreng ikkje ordet særleg
Hartvigsen meiner at dette vil gjere det krevjande for staten å regulere kommunane.
– Me meiner det er viktig å behalde formuleringa «stor vekt» fordi det gir ein nødvendig balanse mellom lokalt sjølvstyre og nasjonale omsyn, seier ho.
– Å endre til «særleg stor vekt» vil gjere det betydeleg vanskelegare for statlege organ å overprøve kommunale vedtak, sjølv når nasjonale eller regionale interesser seier noko anna, seier Hartviksen.
Forslaget skal altså opp til votering på tysdag.
Foreløpig er det berre Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet som stemmer for dette.
– Me manglar enno nokre få stemmer, så det blir ei spanande votering, seier Helge André Njåstad i Frp.
Publisert 07.06.2025, kl. 18.45