Ingrid Fiskaa
Stortingsrepresentant for Rogaland (SV)
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Styrka bemanning eller redusert foreldrebetaling? Ja takk, begge delar.
Eg vil takka Solveig Sandelson for å skriva godt om bemanningskrisa i barnehagane 18. juni. SV og eg er heilt einige i at fleire fagfolk på jobb i barnehagane er det viktigaste for ungane som går der. Derfor har me også prioritert og fått gjennomslag for styrka bemanning, både i statsbudsjettet for 2025 og no i revideringa. Utan SV ville ikkje dette kome på plass.
Det eg ikkje forstår, er at Sandelson gjer billegare barnehageplass til eit problem og ei motsetning til styrka bemanning. Berre fordi begge delar har ordet «barnehage» i seg, handlar dei ikkje om det same.
Redusert foreldrebetaling er eit handslag til familiane sin kvardagsøkonomi. I ei tid med høge renter og stigande prisar på det meste, handlar det om å kutta i bunken med rekningar, noko som særleg vil vera til hjelp for dei familiane som slit mest økonomisk. Tidlegare har SV fått gjennomslag for å dobla barnetrygda. No reduserer me utgiftene til ei velferdsteneste dei aller fleste tar i bruk, med nesten 9000 kroner i året.
Eg trur ikkje nokon ville sagt «ja, men kva med bemanninga i barnehagane» dersom det handla om å redusera bompengane i Ryfast, gjera tannhelsetenester billegare eller auka minstepensjonen. Ikkje berre trur eg det. Eg veit det, sidan SV har fått til alt dette i samarbeid med Sp og Ap. Og ingen har sagt at det var dumt fordi det er for få folk på jobb i barnehagen.
SV har større ambisjonar for styrka velferd og trygg kvardagsøkonomi enn dei andre partia. Derfor arbeider me på fleire felt samtidig, systematisk og over tid. Eg er ikkje einig med dei som meiner me berre skal gjera ein ting om gongen.
Publisert:
Publisert: 23. juni 2025 15:06